NRK Meny

Ber jegarar levere inn dyrehovud

I forkant av villreinjakta blir det oppretta innsamlingsplassar for reinsdyrhovud i Aurland og Lærdal, det skriv Sogn Avis. I mars vart den smittsame og dødelege dyresjukdommen Chronic Wasting Disease påvist på ei villreinsimle i Nordfjella, dette var det første oppdaga tilfellet i Europa. Miljødirektoratet har varsla at dei vil intensivere overvakinga i fjellet. Kåre Rudningen i villreinutvalet for Nordfjella seier til Sogn Avis at det er viktig for dei å få teke prøvar av skotne dyr for å finne ut om sjukdommen har spreidd seg.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.