Hopp til innhold

Ber innstendig om tips frå publikum etter knivstikkinga

Utan tips frå publikum, så fryktar politiet i Sogn at dei ikkje vil klare å finne mannen som stakk eit tilfeldig offer med kniv på Hafslo laurdag kveld.

Busshaldeplassen på Galden, Hafslo

BLEI KNIVSTUKKEN: Mannen i tjueåra venta til måndag før han melde knivstikkinga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Dette skjedde laurdag kveld mellom 21.15 og 21.30. Vi blei kjend med hendinga i dag, så den fornærma melde saka her på lensmannskontoret, seier politioverbetjent Norvald Ylvisåker til NRK.

Mannen har fortalt at han var ute og gjekk på tur med hunden sin i området rundt busshaldeplassen på Galden. Gjerningsmannen skal ha hoppa fram og først slege til den fornærma.

– Så såg han ein kniv, og han blei stukken med den kniven i den eine armen, fortel Ylvisåker.

Gjerningsmannen blir skildra som ein mann, om lag 180 cm høg, kraftig bygd og lys i huda. Han snakka norsk, men skildringa fornærma har gjeve er noko vag, seier politiet.

– Per no har vi ingen mistanke til nokon. Vi er interessert i tips frå publikum om dei har sett nokon som var i området, anten dei gjekk eller køyrde bil, seier politioverbetjenten.

Sogndal og Leikanger lensmannskontor set no inn alt dei har av mannskap for å prøve oppklare den alvorlege hendinga.

–Vi set inn det vi har av ressursar, og vi held fram etterforskinga til vi vonleg finn fatt i gjerningsmannen, seier Ylvisåker.

Politiet tek imot tips i saka på 02800

Galden