Hopp til innhold

Ber indresogningane roe seg

Jan Herstad, ordførar i Naustdal, ber sjukehusaksjonistane i indre Sogn og Nordfjord roe seg.

Jan Herstad
Foto: NRK

- Samarbeidet mellom kommunane og sjukehusa i fylket har aldri vore betre enn no, seier Jan Herstad.

Etter veker med bråk rundt toppsjefane i Helse Førde får helseføretaket no skryt frå Senterpartiordføraren i Naustdal. Jan Herstad rosar leiinga for å ha invitert pasientar, sjukehustilsette og kommunepolitikarar til idedugnad rundt framtida til lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane. Han ber no sjukehusaksjonistane i Nordfjord og indre Sogn roe seg ned for ikkje å øydeleggje det gode arbeidet Helse Førde har sett i gang.  

- Eg har som ordførar aldri vore invitert til dialog før staten tok over og Helse Førde kom inn i biletet. 

- Utspela øydelegg

Om tre veker legg administrasjonen i Helse Førde fram eit forslag til korleis dei vil kutta dei siste 13 millionane kroner for å få 2006-budsjettet i balanse. Når sjukehusaksjonistar og lokalpolitikarar som Rolf Nesheim krev at administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, må få sparken, er slike utspel øydeleggjande, meiner Herstad  

- Eg trur lokalsjukehusstriden som har ridd Sogn og Fjordane dei siste 30 åra er mykje av grunnen til at det framleis er mykje spetakkel om desse tinga. Det som trengst no er at styret og leiinga i Helse Førde får ro til å gå vidare med den prosessen dei no er inne i.  

- Det er ikkje vi som lagar turbulens

- Vi har heile tida kome med konstruktive innspel. Det er ikkje vi som har skapt turbulensen, det har styret og administrasjonen i Førde sjølv gjort, er leiar i aksjonskomiteen for Nordfjord sjukehus, Knut Leirgulen, sitt svar på kritikken.

Også Arbeidspartiordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun, tek til motmæle mot ordførarkollegaen i Sunnfjord. Aarethun meiner at Jon Bolstad og dei andre omstridde toppsjefane i Helse Førde har eit vel så stort ansvar for å roa ned gemyttane, som det aksjonistane har.  

- Når det gjeld oppmodinga om å roe seg ned, må den også adresserast til leiinga i Helse Førde, meiner Aarethun.

- Åtvarar mot å slå politisk mynt

Tor Bremer i Sogn og Fjordane AP
Foto: NRK

Også fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Tor Bremer, ber no om ro rundt Helse Førde. Han åtvarar alle politiske parti mot å prøva å slå politisk mynt på uroa i Helse Førde. Reaksjonen frå Bremer kjem etter at den tidlegare Venstre-leiaren Rolf Nesheim i går gjekk ut og meinte Jon Bolstad og styret må trekkja seg.

- Etter mitt skjønn kan vi ikkje få ro i Helse Førde dersom Bolstad held fram som direktør, var meldinga frå Nesheim på torsdag.

- Eg vil no åtvare mot at ein slår politisk mynt på det som har skjedd. Det er styret sitt ansvar å rydde opp, og vi må ha tillit til at styret gjer den jobben, seier Bremer.