Hopp til innhold

Ber høgskulestyret om å ha ein plan B

– Høgskulen i Sogn og Fjordane bør leggje ein plan B for samanslåing. Det meiner Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre.

Ber høgskulen ha ein plan B

BØR HA PLAN B: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen, Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunnskapsministeren har bede alle høgskulane i landet om å vurdere samanslåing, men høgskulen her i fylket har stått steilt på den såkalla sjølvstendelinja.

Lødemel meiner dei også bør ha alternativ.

– Eg trur det er veldig viktig å ha ein plan B, der høgskulestyret i Sogn og Fjordane ser på korleis ein ynskjer å gå anten mot Bergen eller Møre og Romsdal dersom det skal vere eit meir forpliktande samarbeid, eller om ein eventuelt skal gå i lag med nokon.

– Kvifor er det så viktig at dei må ha ein plan B?

– Det er vel sagt at ein ynskjer større einingar i forhold til høgskulane for å vidareutvikle dei, særleg det som går på forsking og den biten.

Lødemel seier det er heilt legitimt for høgskulen å ville stå åleine, men at han meiner det uansett er fornuftig å ha ein plan B, der ein ser på korleis ein ynskjer å samarbeide.

– Også internt i høgskulen er det ynskje om å sjå på ulike former for samarbeid både nordover og sørover så eg tur det er viktig at høgskulestyret også tar den ballen og gjer eit grundig arbeid på det.

Trur ikkje på sjølvstende

Også innanfor høgskulen er det delte meiningar om sjølvstendelina som høgskulen i Sogn og Fjordane har valt. I ein kronikk i Firda laurdag seier dekan Eva Marie Halvorsen at ho ikkje trur på sjølvstende for høgskulen.

Eva Marie Halvorsen

BLIR FOR SMÅ: Dekan Eva Marie Halvorsen trur ikkje på sjølvstende for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Det er fordi vi no ser at svært mange andre høgskular går saman i store einingar. Høgskulen har og motteke brev departementet som seier at vi ikkje får stå åleine. No har vi 22 dagar på oss frå måndag av til å kome med eit nytt svar seier Halvorsen til NRK.

– Kva meiner du konsekvensen kan bli av den sjølvstendelina som høgskulen har valt?

– Høgskulen blir for liten samanlikna med dei nye konstruksjonane, og når vi blir for små så vil vi ikkje klare å levere det vi skal.

Kven ser du for deg som naturlege å slå seg saman med?

– Det vil vere ein fordel om vi kan slå oss saman med fleire. Viss vi kan få til ei samanslåing med høgskulane i Bergen og Volda så ville det vore bra.

Står fast på sjølvstende

Men høgskulen står fast på sjølvstendelina dei har valt, sjølv om rektor Åse Løkeland kan sjå argument også for det motsette synet.

Åse Løkeland

HELD PÅ sJØLVSTENDET: Rekor Åse Løkeland.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er argument for fusjon, men etter dei fleste si meining på høgskulen så er det fleire og sterkare argument mot fusjon. Det er bakgrunnen for høgskulen sitt standpunkt, og som vi har meldt inn til departementet.

Løkeland understrekar at det ikkje er ei isolasjonsline dei har valt, men at dei ynskjer å behalde ein sjølvstendig høgskule med eit eige styre og eigen rektor også i framtida. Når det gjeld ein plan B, seier Løkeland at det har vore drøfta.

– Men høgskulestyret har bestemt seg for ikkje å gå inn på nokon plan B.