Hopp til innhold

Ber Helse Førde ikkje bruke eldre kvinner som salderingspost

Kommunestyra i Eid og Lærdal åtvarar sterkt mot framlegget om å legge ned dei gynekologiske poliklinikkane ved Nordfjord og Lærdal sjukehus i 2018.

Kommunestyret i Eid legg ned Kjølsdalen skule.

EID: Kommunestyra i Lærdal og Eid vedtok i dag ein uttale til Helse Førde. Bildet frå Eid kommunestyre er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Stig Høynes

I eit samrøystes vedtak i begge kommunestyra torsdag, krev politikarane at Helse Førde ikkje bruker eldre kvinner som salderingspost.

Kommunestyra peikar på at då fødeavdelingane ved Nordfjord og Lærdal sjukehus vart nedlagt, var gynekologisk poliklinikk noko av det Helse Førde framheva skulle vere eit kompenserande tiltak.

Jan Geir Solheim

KRITISK: Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Foto: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK

– Dette er eit av dei viktige tilboda. Kvinner i Sogn og Nordfjord må reise langt for ei kort undersøking. Vi er redd slike type tenester blir teke vekk frå lokalsjukehusa våre, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Utsett gruppe

– Det polikliniske gynekologtilbodet ved lokalsjukehusa ligg allereie i dag langt under det reelle behovet. Det blir prioritert strengt kva kvinner som får undersøking. Dei som blir prioritert, er i stor grad eldre kvinner med dårleg helse som ein ikkje ynskjer skal bli utsett for lang reiseveg til Førde, står det i uttala frå kommunestyra.

Onsdag avslørte NRK at kvinner i Sogn og Nordfjord mister det lokale tilbodet når gynekologisk poliklinikk i Lærdal og på Nordfjordeid blir kutta og ikkje erstatta i 2018, fordi ein overlege sluttar.

Kollage sjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunestyra meiner at gynekologisk poliklinikk ved lokalsjukehusa ut frå dette «er i tråd med dei nasjonale føringane for «Framtidas lokalsjukehus», som byggjer på at tilbodet ved lokalsjukehusa i større grad skal rettast inn mot breie pasientgrupper med dårleg helse, og med fleksible modellar som gjer at dei skal få så mykje som råd er av sitt helsetilbod lokalt»

Kommunestyra peikar også på at ei eventuell nedlegging av gynekologisk poliklinikk i Lærdal og Eid høgst truleg vil føre mange av desse kvinnene til sjukehus utanfor fylket.

– Skalere ned Førde

«Vi krev ut frå dette at Helse Førde straks set i gang rekruttering av legekapasitet for å kunne halde oppe den gynekologiske poliklinikk-aktiviteten i Eid og Lærdal. Eit minstekrav må vere at styret slår fast at aktiviteten skal vere på plass igjen frå 1.1.2019 », står det i uttalen frå kommunestyra.

Og held fram: «Dersom den økonomiske situasjonen i Helse Førde no er så kritisk at ein set i verk driftskutt som råkar eldre, sjuke kvinner med stort behov for helsehjelp, vil vi alternativt oppmode styret til å setje dei planlagde investeringane ved Førde sentralsjukehus på vent, eventuelt skalere dei ned».

– Så nært som investeringar er knytt til drift i helseføretaka våre, så må faktisk styret diskutere om pasienten er i sentrum. Eg meiner at dersom det er stram økonomi, må vi faktisk leve lenger med dei bygga vi har, og bruke pengane på drift, seier ordførar Jan Geir Solheim.