Hopp til innhold

Ber Haukeland om hjelp

Helsedepartementet ber Haukeland universitetssjukehus om hjelp til å finne ut kva dei kan gjere for innbyggarane i Sløvåg .

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson / NRK

Ekspertar skal denne veka finna ut kva dei kan gjera for dei som kjenner seg SJUKE etter Vest Tank eksplosjonen.

I eit brev ber Helsedepartementet Haukeland universitetssjukehus om HJELP til jobben.

Spesielt

- Dette ligg litt i utkanten av vårt vanlege arbeidsområde, seier Tor Aasen, som er avdelingsdirektør ved helsemedisinsk avdeling i Helse Bergen.

Ei gruppe frå avdelinga og universitetet i Bergen startar denne veka med å finne ut kva dei kan og skal gjere.