Hopp til innhold

Ber foreldre sjekke at tenåringane ikkje stikk ut om natta

Etter fleire tilfelle av skadeverk på skulane i Florø ber politiet foreldra om hjelp. – Det er lett å la seg lure av at skoa til ungdomen står i gangen og at dei har kome heim til innetida.

Florø barneskole

SKADEVERK: Florø barneskole er ein av skulane som er utsett for skadeverk i løpet av sommaren.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Det seier tenestestadsleiar Wenke Hope ved politistasjonen i Florø.

Ho ber foreldre i kystbyen om å ta ein prat med ungane sine om skadeverket som er utført på Krokane skule og Florø barneskule i løpet av sommaren. Reiskapsbuer og utstyrsbuer er brotne opp, det er tagga og skrapa på vindauge og dører er knuste og brotne opp.

Krokane skule

KNUSTE VINDAUGE: 18 ruter er skrapa opp, tre ruter og fire massive steinbord er knuste ved Krokane skule i sommar.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Politiet har den seinare tida fått fleire tips om at ein gutegjeng held seg utandørs i Florø nattetid.

– Det er ikkje usannsynleg at gutane kan ha viktige opplysningar i skadeverkssakene. Fleire av skadeverka har skjedd om natta, seier Hope.

Tysdag varsla politiet i byen at dei rekna brannane ved Fjord Base og Rota tidlegare i august som oppklara. Etter å ha etterlyst ein gutegjeng, har politiet kome i kontakt med to gutar som har forklart at to jamaldringar står bak.

– Sjekk at dei faktisk ligg og søv

Wenke Hope, politiet i Florø

FØREBYGGANDE TILTAK: Seier Wenke Hope om oppmodinga til foreldre med tenåringsgutar i Florø.

Foto: Politiet

Gutane har også fortalt at det er fleire tenåringsgutar ute om nettene i Florø. Politiet er også varsla av foreldre som har oppdaga at tenåringen har lagt seg, for så å stikke ut i løpet av natta.

– Vi ønskjer at foreldra prøver å ha kontroll på dette. Det er lett å la seg lure av at skoa står i gangen og at dei kjem heim til innetid. Men det hadde ikkje vore dumt å sjekke eit par gonger i løpet av natta om dei faktisk ligg og søv, eller om dei har gått ut att.

– Det høyrest litt dramatisk ut?

– Dette er i reint førebyggande hensikt. Vi tenkjer det er viktig for å unngå at skadeverk skjer og at ungdomane hamnar oppi noko.

Blir tema ved skulestart

 Rektor Bjørg Aslaksen ved Krokane skule

UROA: Rektor Bjørg Aslaksen ved Krokane skule støttar oppmodinga frå politiet. – Når ein kan finne på slikt, så er eg uroa for kva meir som kan skje om dei kjenner seg trygge på å sleppe unna med skadeverket, seier ho.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Bjørg Aslaksen har vore rektor ved Krokane skule sidan 2009. Ho kan ikkje minnast ein sommarferie med så mykje skadeverk.

Ho mistenkjer ikkje hennar elevar for skadeverket, men seier skadeverka blir tema ved skulestart.

– Enkelte elevar blir redde og opprørde. Det er viktig at dei får utløp for det dei tenkjer om det som har skjedd. Vel så viktig er det snakke om kvifor dette er gale og høyre kva dei har å fortelje, seier ho.

Håpar å få stoppa det som skjer

Hope håpar foreldre som ikkje har mistanke om at eigne ungdomar stikk ut om natta, er litt ekstra på vakt.

Skadeverket på skulane har etter kvart blitt omfattande, seier Hope.

– Vi vil hindre at dette utviklar seg vidare og hindre at dei kjem inn på ei kriminell løpebane med meir alvorleg kriminalitet utover. Det er viktig å få stoppa det som no skjer.

Hope seier det har vore tilfelle av liknande skadeverk i skuleferiar før, men at det har blitt ekstra mykje denne sommaren.