Hopp til innhold

Ber for riksveg 13

Fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane må løfte fram rassikring og tunnel på Vikafjellet. Det er forventninga frå eit samla styre i interesseselskapet Fjordvegen Rute 13. Dei har stilt seg bak ei felles prioriteringsliste for tiltak langs heile riksveg 13 frå Sandnes til Førde. Det viktigaste enkelttiltaket er å få prioritert opp Vikafjellet i Nasjonal Transportplan.