Ber folk vise omsyn og køkultur på ferjekaien

Lange køar og sniking i ferjekøen. Fredag kokte det hos mange ventande på Lote ferjekai. – Sett i ettertid burde vi hatt fleire som handterte dette, vedgår Fjord1.

Kø på Lote

KAOTISK: Reisande fortalde om kaotiske tilstandar på Lote ferjekai fredag.–Det er ikkje ein normalsituasjon, men diverre ein situasjon som kan oppstå, seier regionleiar Tor Kristoffersen hos Fjord1.

Foto: Sigmund Vereide

Då MF Årdal fekk tekniske problem på sambandet Anda – Lote, henta Fjord1 MF Vågsøy frå Måløy – Oldeide.

Ei ferje som tek 42 personbileiningar, mot MF Årdal sine 92.

– Det er klart at det blir noko lengre køar når ein set inn ei mindre ferje. Det kan nok ha vore noko kaotisk, spesielt på Lote-sida der oppstillingsplassen er veldig liten og det fort blir køar og kaotisk, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

– Vis respekt

Medan Kristoffersen vedgår at ferjeselskapet burde handtert situasjonen betre, meiner han at også dei reisande må ta sin del av ansvaret for dei til dels kaotiske tilstandane på ferjekaien.

Selskapet hadde ingen på land for å passe på at reisande ikkje sneik i køen.

– Det er ikkje alltid så lett for ferjemannskap å ha oversikt over dette. Sett i ettertid burde vi hatt fleire som handterte dette. Det må vi lære av til seinare, seier han og legg til.

– I tillegg må vi oppmode folk om å vise omsyn til kvarandre, vise normal køkultur og respektere at andre kjem før dei i køen.

Sårbart samband

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) var ein av dei som brukte delar av fredagsettermiddagen i ferjekø på Lote. Han er også bruforkjempar nummer ein.

– Dette er tredje gang på litt over ein månad at ferja er ute av drift og det blir nødløysingar som ikkje fungerer godt nok. Det viser kor sårbart det er å ha eit ferjesamband på eit så trafikkert ferjesamband som Lote-Anda, sa Bjørlo.

– Det er vanskeleg for oss å syte for at folk oppfører seg fint, men vi skal gjere vårt for å dirigere trafikken når det oppstår. Vi oppmoda folk til å vise sunn, normal køkultur når det oppstår slike situasjonar, ha respekt for at det kan bli litt kaotisk og at folk må hjelpe oss til å avvikle trafikken på ein fornuftig måte, seier Kristoffersen.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.