NRK Meny
Normal

Politiet ber folk vere på utkikk etter mistenkjeleg åtferd

Politiet vil ikkje gå ut med noko åtvaring til folk i Førde etter to netter på rad med bilbrannar. Dei ber likevel folk halde utkikk etter mistenkjeleg åtferd.

Brann Førde

UKLART: Kva som starta bilbrannen i Førde dei to siste nettene er førebels ikkje klart.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Folk får følgje med, og melde inn til oss om dei ser noko som kan vere mistenkjeleg, men vi vil ikkje gå ut med noko åtvaring, seier operasjonsleiar Kjetil Drange ved Politiets operasjonssentral.

Natt til laurdag brann tre bilar på Hornnes. Natt til søndag vart fire bilar totalskadde på Skaratunet, medan fleire andre bilar også fekk skader. Kva som starta brannane er førebels uklart.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg sa til NRK.no tidlegare i dag at han ikkje har opplevd liknande.

– Det er vanskeleg å spekulere i brannårsak. Men ein kan jo tenke sitt.

– Kan ikkje vere hysterisk

Sissel Karin Hals, som er ein av naboane til der det byrja å brenne natt til søndag, seier ho ikkje kjem til å sitte oppe i natt.

– Eg har henta verdisaker som førarkortet, datamaskina og slikt ut av bilen. Elles vil eg ikkje gjere noko spesielt, seier ho.

Ho seier det er utriveleg med det som hende, og ein kan lure på om det var tilfeldig eller ikkje.

Kjetil Drange

INGA ÅTVARING: Kjetil Drange ved politiets operasjonssentral ber folk melde frå om dei ser noko mistenkjeleg i natt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dersom det er nokon som har tent på, så trur eg ikkje dei kjem tilbake hit.

Kjetil Drange i politiet opplyser at dei ikkje vil kommentere nærare om brannårsaka. Dei har fått inn tips, og har søndag kveld sjekka ut fleire av tipsa, men han vil ikkje gå nærare inn på kva tips det dreiar seg om.

Alarmsentralen har vanleg beredskap gjennom natta.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.