Hopp til innhold

«Dei fleste ulykkene skjer første soldagen etter eit uvêr»

Geolog ber folk vere på vakt i påskefjellet etter at uvêret har lagt seg.

Skredforskar Krister Kristensen

SYN VARSEMD: Skredforskar Krister Kristensen ber folk om å ikkje ta sjansar i påskefjellet.

Foto: NRK

– All erfaring tilseier at ulykkene skjer første soldagen etter eit uvêr. Då er det mykje folk som er ute og skal prøve seg i bratte heng, seier geolog ved Norges Geotekniske Institutt, Krister Kristensen.

For uvêr i fjellet vert det, om ein vil eller ikkje. Eit lågtrykk utanfor Norge er på veg austover, og det er venta å trekke kysten av Vestlandet i løpet av natt til laurdag.

Tilhøva er annleis enn kva dei brukar vere i påska

Det vil bety til dels kraftig vind, og lokalt mellom 50 til 70 millimeter nedbør. Der nedbøren kjem som snø, vil det gi vel ein halvmeter av sorten.

Laurdag vil det også verte vindauke i fjellet, og utsette stader er det venta opp i sørvest sterk kuling.

Kristensen seier at tilhøva er noko annleis enn kva dei normalt brukar å vere når påska er så sein.

– Og det skuldast dette uvêret som er på veg inn. Iallfall første delen av påska bør ein vere ganske forsiktig, seier Kristensen.

For dei som har eit sterkt ønskje om å køyre i bratte heng, gir han følgjande råd:

– Tenk dykk nøye om og gjer nøye vurderingar. Og bruk det som er tilgjengeleg av sikringsutstyr, seier Kristensen.

Meir vinterleg enn på lenge

Han understrekar at det er vanskeleg å seie noko om forholda som kan gjelde for alle fjellområda i Sogn og Fjordane.

– Det er varierande tilhøve i påskefjellet i Sogn og Fjordane. Det er store variasjonar alt etter kvar du er, seier Kristensen.

Men tilhøva er meir vinterlege enn dei har vore på ei tid.

– Det har komme ein del snø i høgfjellet, då snakkar vi over 1000 meter over havet og oppover, seier Kristensen.

– På Strynefjellet er det relativt lite snø, sjølv om det har komme noko nysnø. Det har nok komme meir nysnø lenger sør. Einskilde stadar kan det vere så mykje som ein halvmeter, seier Kristensen.

Pleier å stabilisere seg

Han ber folk merke seg at det kjem til å verte endå meir rufsete og vinterleg vêr, sidan det kjem inn eit kraftig lågtrykk over fylket laurdag.

– Det blir nok ganske tøft i fjellet, og det vil verte slik at det legg seg ut ganske mykje snø einskilde stadar, seier Kristensen.

Han understrekar at det er vanskeleg å konkludere med korleis skredfaren vil arte seg i påskeveka.

– Det er litt tidleg å seie korleis skredfaren vil vere etter at styggevêret har roa seg, for det er fleire ting som spelar inn. Men vanlegvis vil det stabilisere seg ganske fort på denne tida av året, seier Kristensen.

Han legg til at dei aller fleste skreda går når det er uvèr og vind, og det er då det er mest ustabilt i fjellet.

– Når det får liggje ei stund, så stabiliserer det seg, seier Kristensen.