Hopp til innhold

Ber folk vere forsiktige i fjellet

Ustabilt ver og mykje nedbør fører til stor rasfare fleire stader på Vestlandet. Samtidig er hordar av urøynde skiløparar på veg til å innta påskefjellet.

Video Mange går i rasfarlege fjell

Denne kombinasjonen gjer at faren for ulukker er stor, seier skredforskar Krister Kristensen ved NGI.

– Mange stader er det no markert skredfare. Det vil seie fare tre på ein skala som går til fem. Det er ofte då vi ser at det skjer skredulukker der skiløparar er involvert. Så folk må vere forsiktige, er den klare oppmodinga frå skredeksperten.

Rundt om kring i påskefjellet er tusenvis av skiglade allereie på plass på hytter og hotell. Om nokre dagar kjem det endå fleire og alle håpar på godt vêr og gode skiforhold.

Er budde på det verste

Røde Kors er blant dei som er klare til å rykkje ut dersom noko skulle gå gale. Kvar påske kjenner dei på uroa når mange uerfarne turistar set på seg skia og ikkje nødvendigvis veit kva som ventar.

Finn Drageset i Vikane Røde Kors Hjelpekorps står klar på Utvikfjellet i Nordfjord. Saman med kollegaene sine er han klar til å berge liv dersom det skulle gå skje ulukker. Mest av alt håpar han at det ikkje skjer.

– Folk må vere forsiktige og halde seg unna dei brattaste områda. Gå på ryggane i staden for i dei bratte sidene, seier Drageset.

Han kjenner ikkje til at det har skjedd alvorlege skredulukker på Utvikfjellet dei seinare åra, og prisar seg lukkeleg for det. Likevel er mannskapet alltid på vakt.

– Det er for det meste trygt terreng her, men det er plassar også her der det kan gå gale. Så folk må ha hovudet med seg, seier han.

– Ein dårleg kombinasjon

Og at snøen no er ustabil mange stader kan skredekspert Krister Kristensen i NGI skrive under på. Når NRK møter han på Utvikfjellet sjekkar han snøen fleire stader, og det kjem tydeleg fram at det er store lokale variasjonar med tanke på skredfare.

Kombinasjonen av ustabilt og skiftande vêr, påske og stor utfart er ofte ein dårleg kombinasjon, åtvarar Kristensen. Mange som er i fjellet i påska er nemleg ikkje blant dei mest erfarne.

– Ofte er det mange som berre har nokre dagar dei skal nytte til det fulle, og då kan folk, både bevisst og ubevisst, ta litt større sjansar. Dei strekkjer seg kanskje litt lenger, og det er ikkje det rette, seier Kristensen.

For sjølv om sola skin kan det vere lurt å tenkje over kva vêr det har vore i området i det siste. Mange held seg gjerne inne når uvêret herjar ute, men når det lettar opp er mange snare med å få på seg skia.

– Det er ofte på den første solskinnsdagen etter eit stort snøfall at skredulukkene med skiløparar skjer. Snøen har ikkje fått stabilisert seg og då toler den ikkje tyngda av ein skiløpar, seier Kristensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredkurs, kurshaldar forklarar skredsøkar

KURS: Dei som skal køyre ski i bratt terreng kan gjerne ta kurs for å lære seg meir om skred og korleis ein skal berge ut andre dersom nokon blir tekne, seier Kristensen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ikkje utsett deg og andre for farlege situasjonar

Både skredeksperten og mannskapa frå Røde Kors har mange gode råd til dei som skal ut i fjellet. Det er mykje folk kan gjere for å unngå å setje seg sjølve og andre i farlege situasjonar.

– Folk som skal køyre bratt må skaffe seg kunnskap om kva dette inneber av risiko. Dei må følgje med på utviklinga i snødekket og kjenner snøforholda der dei skal stå på ski. Det er viktig å vere merksam på at det er store lokale skilnader, er eitt av råda frå Kristensen.

Han meiner folk også bør vere flinke til å ha med seg utstyr som søkeustyr, ryggsegg med airbag som bles seg opp om ein blir tekne av skred og hjelm for å nemne noko.

Både Cato Heren og Finn Drageset i Vikane Røde Kors Hjelpekorps håpar folk tenkjer seg om før dei legg ut på tur.

– Ikkje oppsøk plassar der det kan gå skred. Er du den som går i fjellet så ofte og ikkje har utstyret, så hald deg i løypenettet, rår dei to.