Ber folk ta omsyn til skredfare
Ifølgje varslingstenesta varsom.no er det også i dag og i morgon betydeleg for snøskred i fjellet i Sogn og Fjordane. – Ta omsyn til varsla når du skal planlegge tur, er oppmodinga på nettsida. Hovudredningssentralen har dei siste vekene hatt uvanleg mange aksjonar etter snøskred. Dei har bede folk som løyser ut skred om å melde frå.