– Vinteren har komme att, og det kjem kanskje overraskande på mange. Eg veit det er ein del som allereie har lagt om til sommardekk, sjølv om det er i tidlegaste laget når ein ser på kalenderen, seier Dvergsdal.
Å køyre på sommardekk på det føret som har vore mange stadar i Sogn og Fjordane i dag, er risikosport. Kraftig snøfall i morgontimane førte til glatt og utfordrande føre mange stadar i fylket.
På riksveg 5 i Naustdal, fekk ein septikbil sleng på hengaren, slik at denne velta og vel ti kubikk kloakk rann ut i vegbana.
- LES OGSÅ:
Hugs på mønsteret
Fleire stadar har personbilar hamna både i grøfta og i fjellveggen. Mange vogntog har fått problem på vintervegane både i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. I 14-tida fekk både store og små køyretøy problem på riksveg 5 i Sogndalsdalen.
– Har ein sommardekk i dag, får ein iallfall problem, seier Dvergsdal.
Men på dagens føre, er det eit par ting du bør ha i bakhovudet.
– Det viktigaste er å ha eit mønster som er tilstrekkeleg. Grensa er tre millimeter, men du bør helst ikkje under fire millimeter på mønsteret. Har ein tilstrekkeleg mønster, og dekka er i bra kondisjon, så hjelper det mykje, seier Dvergsdal.
Sidan vinteren har vore så mild og snøfattig, har ein hatt lite bruk for vinterdekk, sidan føre har vore nesten sommarleg. Og det er ikkje berre bra for vinterdekk å slite tørr asfalt, i staden for snø og is.
– Du må rekne med at dekka dine er både tilgrisa og tilsmussa av olje og oppløyst asfalt, seier Dvergsdal.
- LES OGSÅ:
Få vekk skiten
Han understrekar at ein skikkeleg vask av dekka bør skje med jamne mellomrom.
– Det er ekstra viktig når ein har hatt ein vinter som i år, utan snø. Det festar seg mykje skit frå asfalt til dekket, og gjer at du får ei sleip overflate, seier Dvergsdal.
Dermed får ein dårleg veggrep når kong Vinter slår til slik som i dag.
– Dekkvask er lett å bruke. Følg bruksrettleiinga på flaska og vask dekket. Då får du betre veggrep på dagar som i dag, seier Dvergsdal.
Men han understrekar at det viktigaste er å tilpasse farten etter forholda.
– Bruk vitet og avpass farten etter forholda. Slik det er no, bør ein køyre veldig pent og forsiktig, seier Dvergsdal.
(Artikkelen held fram under videoen)
Har hatt nær 30 oppdrag - og meir blir det
Dagleg leiar ved Førde bilberging, Arild Tistel, har jobba på spreng sidan i dag tidleg.
– Det er full rulle. Vi har alle mann ute. Eg har ikkje full oversikt, men vi har iallfall hatt 25–30 oppdrag til no i dag, og telefonen står ikkje i ro, seier Tistel til NRK.no klokka 14.10.
Då hadde han akkurat hjelpt ein brøytebil tilbake på vegen ved Kyrkjebø, før han drog vidare til Bjordal der ein lastebil har hatt ein tur i fjellveggen.
– Det er svært glatt mange stadar, så det er berre ein ting som hjelper, og det er å ta det med ro, seier Tistel.