Hopp til innhold

Ber folk stille opp på manngard i leitinga etter asylsøkjar

Politiet oppmodar no alle som kan om å bli med på ein omfattande manngard i søket etter den sakna 24-åringen i Øvre Årdal.

Magne Knudsen

SKAL LEITE VIDARE: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, leiar leiteaksjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det store søket vil bli starta opp frå Norsk Folkehjelp sine lokale i Øvre Årdal frå klokka 17.00 tysdag ettermiddag, og alle vaksne kan vere med på leitinga.

– Vi oppmodar årdølane som har ønskje om å hjelpe oss og Norsk Folkehjelp om å gjennomføre søk i bustadområda i Øvre Årdal og Utladalen. Då skal vi gå roder for å kvalitetssikre leitinga i busk, kratt, uthus og andre stader, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, til NRK.

Fann ingenting i dag

Store styrkar har søkt etter den sakna eritrearen sidan fredag kveld. Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, helikopter og drone har delteke i søket, i tillegg til politiet. 2. pinsedag deltok ei elveredningsgruppe og ein hundeekvipasje frå Norske Redningshunder.

Leitinga måndag var resultatlaus, men Magne Knudsen har ikkje gjeve opp håpet om å finne den sakna mannen.

Sakna asylsøkar

SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg. Han hadde truleg på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegenser og svarte sko då han forsvann.

Foto: Politiet

– For oss var det viktig å få klarert elva, medan den framleis har den vasstanden den har i dag. Det er meldt betre vêr, og då vil vasstanden stige. Det var godt å få gjort det no, seier Knudsen.

Tungt for venene

Forsvinninga til den unge asylsøkjaren har gjort mange uroa og redde, særleg blant venene til mannen på asylmottaket.

– Det er sjølvsagt tungt for heile asylmottaket og dei tilsette. Vi har hatt ein runde med alle de ifrå Eritrea i dag og det var mottaket som initiativet til det. Vi har stilt opp og har ein god dialog med dei, slår Magne Knudsen fast.

Har truleg ikkje forlate bygda

– Har de noko håp om å finne mann i live?

– Det er jo alltid eit håp. Eg hadde sett stor pris på om han hadde dukka opp i morgon etter ein tur til Oslo eller liknande. Men når det er sagt så har vi ingen opplysningar som tyder på at han har reist med buss. Men vi no prøve å håpe. Vi har ikkje funne han, og det må vi prøve å gjere, seier Knudsen.