Ber folk slutte å spekulere

Politiet ber lokalbefolkninga på Kaupanger om å slutte å spekulere rundt årsakene til skogbrannane i området. Etter seks brannar på kort tid fryktar fleire på Kaupangar at nokon har sett fyr på skogen. Politikontakt Jorunn Furuheim seier politiet er kjende med at det er veldig mykje prat blant folk. – Det er viktig at lokalbefolkninga let politiet stå for etterforskingsarbeidet, seier ho. Politiet har ingen mistenkte.