Hopp til innhold

Ber folk sjekke hus og hytter etter straumbrot

Dei siste 25 kundane til Sunnfjord Energi i Solund får igjen straumen i dag – fire dagar etter at snøen knekte kraftstolpar i ytre Solund.

Knekte straumstolpar i Solund

AVBROTNE: Vekta av is og snø vart for tung å bere for desse kraftstolpane i Solund.

Foto: Gunnfrid Eide

Natt til søndag datt fleire straumlinjer ned i ytre Solund. Årsaka var store mengder snø og is på kraftlinjene. På det meste var kring 300 kundar utan straum.

Torsdag, fire dagar etter hendinga, er framleis 25 fritidsbustader utan straum.

– Desse vil bli kopla til straumnettet i løpet av dagen, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Alle fastbuande har for lengst fått igjen straumen.

Krevjande arbeid

Fleten seier arbeidet har vore krevjande og dei har hatt 18 personar i arbeid meir eller mindre døgnet rundt for å få reparert linjenettet.

Arild Fleten

KREVJANDE: Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er snakk om lange spenn i vanskeleg og uframkommeleg terreng med sjøkablar og fjordspenn. I tillegg har det vore glatt å ferdast ute i terrenget.

– Sjekk hus og hytter

Sjølv om skadane skal vere fiksa i løpet av torsdagen, har Fleten likevel ei oppmoding til dei som eig hus og hytter i ytre Solund.

– Vi vil oppmode alle som har hus og fritidsbustader om å sjekke om straumen verkeleg er tilbake. Det er ikkje alle på lågspentkretsen vi ser om har fått straumen tilbake. Det kan vere sikringar som er ute eller andre forhold som gjer at dei ikkje har fått straumen tilbake, seier han.