Hopp til innhold

Ber folk sikre båtane

Det er meldt mykje nedbør og flaumvarsel fleire stadar i fylket dei neste dagane. Rune Ask ved Florø Brannvesen ber folk sikre båtane sine.

Florø Havn

Rolig: No er det rolig i Florø havn, men nyleg bleis det godt og då var ikkje alle båtane godt nok sikra.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Når vêret er slik som det var i natt og i dag tidleg bør folk sjekke fortøyingane på båtane sine. Det seier Rune Ask ved Florø Brannvesen.

I dag tidleg rykte Brannvesenet i Florø ut til Florø Havn for å sikre båtar med dårleg fortøying.

Treng påminning

Ask meiner folk kan trenge ei påminning om å sikre båtane sine no i julestria.

Rune Ask, Florø Brannvesen

Rune Ask, Florø Brannvesen ber folk ta ein ekstra kik på fortøyinga på båtane sine.

Foto: Truls Kleiven

– Det er fort gjort å gløyme båtane litt no utanfor båtsesongen med hektiske dagar, seier Ask.

Han meiner folk må vere varsame og heller be om hjelp enn å ta sjansar når uhellet først er ute.

– Det verste som kan skje er at vi får personskadar i samband med at båtar slit seg. Utstyr og materiell kan vi alltids gjere noko med, seier brannmannen.

Flaumvarsel og mykje nedbør

Yr.no melder at det er fare for flaum grunna mykje nedbør og snøsmelting fleire stadar i fylket. Nedbøren vil minke utover dagen i dag, men fleire stadar vil det vere jamt med nedbør dei neste dagane.

Rune Ask i Florø Brannvesen oppmodar folk om å ta ein ekstra tur i båten og sjå til at den ligg trygt.