Hopp til innhold

Politiet: Ber folk halde seg heime i kveld

Politiet oppmodar no folk langs kysten av Vestlandet om å halde seg heime i kveld og i natt. Det er varsla svært sterk vind som kan kome opp i 35 meter i sekundet.

Stormen Lena

PÅ VEG NORDOVER: Stormen Lena herjar laurdag ettermiddag i Rogaland. I løpet av kvelden vil den treffe Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: met.no

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben, er krystallklar i sine råd om den varsla stormen Lena.

– Det er å halde seg heime og ikkje reise ut på tur. Folk bør tjore fast det som er lausgods, hagemøblar og anna som kan bli teke av vinden. Båtar, campingvogner og liknande, seier Domben til NRK.

Laurdag ettermiddag har uveret slege inn over land i Rogaland, og det er venta at det raskt vil flytte seg oppover kysten til Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Vi har sendt ut varsel til dei mannskapa som er på jobb om vermeldinga. Vidare har vi varsla staben i Sogn og Fjordane politidistrikt om situasjonen, slik at dei kan stille på kort varsel dersom det er naudsynt, opplyser Domben i politiet.

Knekt grein Førde

KNEKTE GREINER: Også i indre strok har vinden teke seg opp laurdag kveld. Her utanfor NRK i Førde, der greiner no knekk av trea i Angedalsvegen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ikkje legg ut på båttur

Ho åtvarar på det sterkaste om å leggje ut på båttur i kveld, særleg i ytre strøk av Sogn og Fjordane. Det er venta at vinden som følgjer med stormen Lena vil kunne kome opp i 35 meter i sekundet og vare utover natta.

– Vi vil jo at folk skal bruke sunn fornuft og ikkje leggje ut på båttur når det er meldt slikt ver, sler Domben fast.

Det er eit uvanleg kraftig lågtrykk som no er på veg innover land frå sør. I løpet av natta vil vinden dreie til sørleg full, og kan hende sterk storm, med vindkast opp i 35 meter i sekundet.

Mørke skyer

STORM PÅ VEG: Veret har vore bra i Sogn og Fjordane heile laurdag. Men no er uveret på veg.

Foto: Wenche Merethe Hosteland Mæland / Instagram

Ber kommunane vere i beredskap

– Vêrvarslinga for Vestlandet seier at det er vanskeleg å kome med noko nærmare geografisk avgrensing av varslingsområdet. Det kan ventast lokal sterk vind og sterke vindkast både i indre og ytre strok, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.

Han oppmodar no kommunane om å vurdere å ta kontakt med politiet i sin vaktregion.

– Det er med tanke på å gjere ei felles vurdering av om varselet gir grunn til spesielle førebyggjande tiltak, seier Stensvand.

Laster Twitter-innhold