Hopp til innhold

Ber folk køyre forsiktig

Politiet har i dag fått svært mange meldingar, særleg frå Sogn, om trafikkaos som følgje av glatte vegar. Ein lastebil kom seg til dømes ikkje opp ein bakke på Kaupanger, noko som også førte til vanskar for fleire bilistar. I tillegg har dei fått meldingar frå mellom anna Aurland og Sogndal. – Det er svært glatte vegar og vi ber folk ta det med ro og vere forsiktige, seier operasjonsleiar for politiet, Bengt Næss.