Hopp til innhold

Ber folk hugse på at det berre er ein gjerningsmann

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal ber folk i kommunen om å roe seg og ikkje gå i mot asylmottaket etter trippeldrapet måndag kveld.

Årdal Asylmottak Arild Ingar Lægreid

UROA: Ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid ber folk om å ikkje gå imot asylmottaket etter trippeldrapet måndag kveld.

Foto: montasje Christian Blom / NRK

Etter stor aktivitet på sosiale medium knytt til asylsøkjarane i bygda har også formannskapet i Årdal kommune fanga dette opp.

– Eg minner om at det er berre ein gjerningsmann her og vedkomande er no under politietterforsking. Asylsøkjarane er i sorg på same måte som vi er og kan ikkje lastast for dette, seier Lægreid til NRK.no.

Formannskapet uroa

Mannen som måndag drepte tre personar på Valdressekspressen kom frå asylmottaket i Årdal.

Mottaket opna i august, og den aller første uttransporteringa av asylsøkjarar som hadde fått avslag skjedde måndag morgon, berre timar før trippeldrapet skjedde mellom Årdal og Tyin.

Ordføraren er ura for at folk i bygda skal gå i gong med demonstrasjonar mot heile asylmottaket.

Sterkt uroa

– No er ikkje eg på Facebook, men det er ting som er kome opp her som fleire i formannskapet har obeservert, og det er det som er bakgrunnen for at vi ønskjer å minne folk på at dei ikkje kan laste asylmottaket for dette, seier Lærgreid.

På Facebook og andre sosiale medium kan ein lese statusar og oppmodingar til demonstrasjonar der ein ønskjer å få asylmottaket vekk frå bygda.

Setningar som «Vi ønskjer ikkje lenger å ha dei i bygda vår» har fått oppimot hundre tomlar opp og respons om at fleire ønskjer å delta i demonstrasjonar mot asylmottaket.

Er de uroa over at nokre tenkjer på å demonstrere mot mottaket?

– Ja, det uroar oss sterkt om det er nokon som tenkjer på det, seier Lægreid.

Fokus på dei pårørande

Lægreid seier at tankane deira først og fremst går til næraste pårørande som har blitt ramma.

– Vårt fokus er no å gje pårørande og dei som treng det god oppfølging. No er det viktig å ta vare på kvarandre og vise omsorg, seier Lægreid om dette som han sjølv seier er ei uverkeleg og vanskeleg sak for kommunen.

Han seier dei ønskjer å hjelpe alle som treng og ønskjer det.

Trass i at fleire er kritiske til asylmottaket og uttrykkjer dette på sosiale medium, er det også fleire som skriv det motsette og meiner ein må støtte opp om mottaket og dei som er der etter hendinga måndag kveld.