Åtvarer mot ustabil mann - politiet har væpna seg

Politiet som leitar etter ein ustabil mann i området Erdalen i Stryn har væpna seg med pistolar. Naboar har blitt bedne om å halde seg innandørs og låse dørene.

Politipatrulje Oppstryn

FLEIRE PATRULJAR: Politiet har informert folk i området om at dei leitar etter ein ustabil mann.

Foto: Arne Vik / NRK

Politet leitar i kveld med uforminska styrke etter mannen som truga til seg ein bil på Strynefjellet og køyrde riksveg 15 i retning Erdal i Oppstryn. Politiet ber folk vere varsame med å ta kontakt med mannen.

Mannen skal vere ustabil, men politiet vil ikkje stadfeste om dei ser på mannen som farleg.

oppstryn

LEITAR: Politiet leitar i kveld etter ein psykisk ustabil mann i Oppstryn.

Foto: Google Maps

– Vi ber folk om å vere tilbakehaldne om dei skulle treffe på han, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes til NRK.

Avsnes stadfestar i kveld at politiet som leitar i området har fått løyve til å væpne seg med tenestevåpen.

Truga til seg bil

Ifølgje politiet skal mannen ha kome køyrande opp til vegarbeidsområdet ved tunnelane på Strynefjellet i ein skada bil. Dette fekk politiet melding om klokka 13.17.

– I samband med dette truga han til seg ein annan bil som var på staden. Denne bilen køyrde mannen så i retning Erdal i Oppstryn. Der vart bilen funnen att og vi leitar no etter denne personen, opplyser Avsnes.

Mannen skal ha brukt ein kniv til å truge til seg bilen han kapra.

Politipatulje Stryn

LEITAR: Fleire patruljar leitar i kveld etter mannen i Oppstryn.

Foto: Arne Vik / NRK

Har orientert naboane

Han ber folk som måtte vere i området om å opptre varsamt dersom dei skulle treffe på ein ukjend mann ute. NRK kjenner til at naboar i området har blitt bedne om å halde seg inne og fjerne nøklar frå bilar og liknande.

– Det er ikkje mange husstandar i dette området, men vi har orientert folk i området om det har skjedd, seier operasjonsleiaren.

Minst tre politipatruljar er og har vore i sving i samband med leitinga etter mannen. I tillegg er SeaKing-helikopteret frå redningsbasen i Florø framleis i aksjon.

– Vi vil søke etter mannen utover natta, seier operasjonsleiar Avsnes.

NRK oppdaterer saka.