NRK Meny
Normal

Politiet: Forlat Lærdal sentrum

Politiet ber no folk i Lærdal om å forlate sentrum.

Brann spreier seg i Lærdal.

– Vi oppmodar alle til å forlate husa sine. Vi har ikkje kontroll på brannen. For å vere føre var ber vi folk, sjølv om dei ikkje er i nærleiken av brannen, om å forlate husa sine, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes.

Heile sentrum av Lærdal er no evakuert, etter at mange hus er brende ned i det tette sentrumet med trehusbygningar på Lærdalsøyri.

Straumen vart også borte natt til søndag. Det bur omkring 300 menneske på Lærdalsøyri.

– Vi oppmodar alle til å evakuere, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt til NTB ved to-tida natt til søndag.

140 personar har no oppsøkt Lærdal sjukehus. 20 personar har ved halv tre-tida røykskader, som gjer at dei må vere der.

Andre folk blir sende til kafeen på Håbakken. Det er busstransport til Aurland fjordhotell, og fleire har oppsøkt ungdomshuset.

NRK sin reporter på staden kallar situasjonen for eit inferno.

– Brannen har spreidd seg raskt, med eit kraftig gneistregn over Lærdalsøyri. Vi jobbar no på spreng med å sløkkje, seier Avsnes til NRK.no.

– Er det fare for fleire av trehusa?

– Ja, når ein kjenner sentrum og husa der, er det stort sett gamle og nye hus. Vest for kyrkjegata, der brannen først starta, er i faresonen, seier Avsnes.

– Dette er svært alvorleg. Brannen har utvikla seg veldig berre på kort tid, så vi er uroa. Vi har ikkje kontroll på utviklinga, seier Avsnes.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser