Ber folk ete meir økomat

Medan målet er at 15 prosent av det vi et skal vere økologisk mat, er berre 1,5 prosent av det vi stappar i oss økologisk.

Økologisk mat

BEREKRAFTIG MAT: Vi et for lite økoligisk mat, meiner Morten Nymoen.

Foto: Erichsen / SCANPIX

Morten Nymoen

SKUFFA:Morten Nymoen, redaktør for nettstaden 'Økologisk.no' er skuffa over at det ikkje blir ete meir økologisk mat i Noreg.

Foto: Matmerk / Matmerk

– Eg hadde sjølvsagt ønska at det vart ete langt meir økologisk mat, seier Morten Nymoen, redaktør for nettstaden "Økologisk.no".

Og i Sogn og Fjordane vert ikkje noko av den økologiske mjølka som vert produsert brukt i økologisk mat.

Nymoen trur det er mange grunnar til at forbrukarane ikkje verkar å vere særleg interesserte i økologisk mat.

– Noreg er i ei særstilling fordi vi har ei oppfatning av at landbruket vårt er veldig reint og trygt, noko det også er.

– Ja, kvifor skal vi då betale ekstra for økologisk mat?

– Vi må absolutt ete meir økologisk mat. Det heile handlar om berekraftige metodar å produsere maten på. Ved å nytte dei agronomiske grunnprinsippa for økologisk produksjon får ein mest mogleg ut av jordsmonnet med minst mogleg kunstige innsatsfaktorar, seier han.

Økologiske mjølkekyr i Fjærland

ØKOLOGISK:Desse kyrne i Fjærland produserer store mengder økologisk mjølk, men ikkje noko av mjølka blir brukt i økologiske produkt.

Foto: Bård Siem / NRK

Etterlyser politisk handlekraft

Nymoen etterlyser eit større engasjement frå det offentlege.

– Når politikarane våre har som målsetjing at vi skal ete langt meir økologisk enn i dag, må dei gjere noko. Kvifor ikkje innføre eit krav om at det må vere økologisk mat i alle offentlege kantinar? Det kan vere eit av fleire verkemiddel, seier han.

Økomjølk i vanlege kartongar

Aamund Mundal og Johannes Eggen Mundal

BLIR IKKJE NYTTA:Aamund Mundal og Johannes Eggen Mundal er fortvilte over at den økologiske mjølka dei produserer ikkje blir brukt til det den var tenkt til.

Foto: Bård Siem / NRK

Sidan oppstarten i 2006 har gardbrukarane Aamund Mundal og Johannes Eggen Mundal i Fjærland i Sogn produsert om lag 1,5 millionar liter økologisk mjølk som har vorte tappa over i vanlege kartongar. På landsplan blir det årleg tappa 25 millionar liter økomjølk over i vanlege kartongar, noko som utgjer om lag halvparten av den økologiske mjølka.

– Det er ille at ikkje den økologiske mjølka blir brukt til det den vart tenkt til, seier Nymoen.

Store fraktavstandar

Den økologiske mjølka i Fjærland blir frakta til Tine-anlegget på Byrkjelo, medan den økologiske mjølka som blir kjøpt på butikken i Fjærland blir frakta frå Ålesund eller ein av dei åtte andre økologiske tapperia i Tine-systemet.

Kategoridirektør i Tine, Unn Grønvold Nikolaisen, forklarer situasjonen på denne måten.

– Vi må sørge for at vi får ein effektiv og lønsam produksjon av økologisk mjølk, og i Sogn og Fjordane er det ikkje nok økologisk mjølk til å kunne få dette til, seier ho.

Medan om lag 1,5 prosent av maten vi et er økologisk, blir om lag fem prosent av det norske landbruksarealet karakterisert om økologisk. Det økologiske arealet vart redusert det siste året.