Hopp til innhold

Ber fleire snakke med gatefolket

OSLO (NRK): Etter fleire år på gata i Oslo, har Børge Erdal frå Førde eit tips til kommunane: Ta turen sjølve, og snakk med folket på gata.

Børge Erdal frå Førde på jobb i Uteseksjonen i Oslo

GÅR UTE: – Det tek tid å byggje tillit. Difor brukar vi store deler av arbeidsdagen vår på gå gatelangs og snakke med folk. Enkel metode, men den fungerer, seier Børge Erdal, leiar for Uteseksjonen i Oslo.

– Mange fleire kommunar bør oppsøkje ungdom i risikosoner i utsette miljø for å gje hjelp tidleg, meiner leiar for Uteseksjonen i Oslo kommune, Børge Erdal.

Halvparten frå andre kommunar enn Oslo

For om lag halvparten av dei Uteseksjonen i Oslo møter på gata i Oslo kjem frå andre kommunar rundt omkring i Noreg.

– Det er mange ulike årsaker til at folk kjem til ein storby som Oslo. Nokre har høyrt at det er lett å skaffe narkotika her, andre kjem hit for å frakte med seg stoff tilbake der dei kjem frå. Blant dei yngste som oppheld seg mykje i sentrum utanom rusmiljøa kan fleire ha psykiske utfordringar. Dei kjenner seg utanfor i lokalmiljøet sitt, og vert sett på som annleis og rare. I alternative miljø i Oslo sentrum kan dei finne eit fellesskap, fortel Erdal.

Uteseksjonen i Oslo

VANDRAR: – Etter planen skal eg ete middag med ein brukar i dag, fortel Bernt Kristian Kristiansen som vandrar gatelangs kvar dag i jobben i Uteseksjonen. Til venstre Børge Erdal.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Passar ikkje inn heime

Du har heilt sikkert sett dei. Ungdomane på Oslo S som berre står og heng. Utan noko mål eller meining. Eller lagt merke til ei samling unge med fargerike hårstilar, annleis klede og med tette band seg imellom.

Eller du har kanskje gått forbi dei når du har hasta mellom handelshusa. Dei slitne folka som tydeleg lever liva sine på gata.

– Det kan vere utfordrande å vekse opp på ein liten stad og kjenne seg annleis. Det er lett å dømme eller meine noko om andre som ikkje lever A4-liv. Vi møter mange av dei her på Oslo sentralbanestasjon, fortel seksjonsleiaren.

  • Les også: Vil ha «politistasjon» i Nygårdsparken
  • Høyr:
  • Høyr også:

Skal fange opp barn og unge tidlegare

Berre fire av ti barnevernsbarn fullfører vidaregåande skule mellom anna.

Barne, ungdoms og likestillingsdirektoratet, Bufdir, lagar no ein ny plan for å fange desse opp. Ti millionar kroner er sett av til prosjektet.

Men det kostar langt meir at barn og unge ikkje fullfører.

– Nokre kjem til Oslo for å leve livet. Vi ser dei når dei kjem, velstelte og klare for det meste. Så ser vi dei att etter nokre dagar på gata. Då har dei falt heilt saman. Å etablere seg i Oslo gjennom dei opne rusmiljøa i byen, er kanskje den verst tenkelege måten å komme til Oslo på. Derfor er vi på tilbodssida med å hjelpe folk heim til heimkommunen, og å kople på det lokale hjelpeapparatet der, seier Erdal.

Vaterlandsparken i Oslo

FLOTT PARK: Vaterlandsparken er ikkje staden å setje seg ned og filosofere over livet, er rådet frå Uteseksjonen. For eit knallhardt miljø rundt rus og kriminalitet fører til at området kan vere uoversiktleg og utrygt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Oppsøkte unge i Høyanger

Etter nokre år med jobb innan psykiatrien i heimfylket og barnevernet i Høyanger, valde han å reise til Oslo.

I Høyanger dreiv kommunen med oppsøkjande arbeid i tilknyting til ein fritidsklubb. Utan at dei kalla jobben det.

Miljøarbeidarar tok turen til busstasjonen og andre stader ungdom samlast og snakka med ungdom som hang der.

– Å vere der utsett ungdom er gjev også verdifull informasjon om kva dei treng for å kome seg vidare i livet. Men då må vi vere villige til å gå ut av kontora våre, seier Erdal med klar oppmoding til kommunane i Noreg.

For mellom 70 og 90 kommunar har oppsøkjande verksemd som eit av fleire tiltak for å unngå at fleire fell utanfor.

– Det seier seg sjølv at når vi har så mange kommunar som vi har i Noreg, er det langt fleire som kunne satsa på dette området. Men det må vere både ressursar og vilje for få det til, seier han. Ofte taper slike ikkje lovpålagde førebyggande tiltak i kampen om knappe kommunale ressursar.

Ei sak som får den førdianaren til å gestikulere voldsomt med hendene, er skatarane i Førde.

For mykje av arbeidet som Uteseksjonen ryddar i og hjelper til med i Oslo, startar lenge før det når storbyen.

– Ta skatarane i Førde for nokre år tilbake til dømes. Dei tok i bruk det tomme bygget som stod på utstillingsplassen i Førde. Laga ramper og brukte fritida si der. Skapte noko sjølv. Så reiv kommunen bygget. Og gav ikkje skatarane ein ny arena. I staden kunne dei hatt dialog om det, spelt på lag og gjeve dei ein ny stad å vere. Dermed ville også dei blitt sett på som den ressursen unge i slike miljø er i seg sjølv.

Ni år på gata

Nærare ni år har han brukt på å jobbe som oppsøkande sosialarbeidar gatelangs i Oslo sentrum.

– Det er slett ikkje alle som ønskjer å snakke med oss i Uteseksjonen eller som vil ha noko form for hjelp. I utgangspunktet, etter kvart endrar dette seg ofte.

Det er enkel filosofi som ligg bak.

Uteseksjonen har kontakt med eit stort hjelpe- og kontrollapparat frå politi, helsevesen til NAV og barnevernstenester. Etter å ha følgt med på det som skjer på gateplan, snakka med dei ulike brukarane, vidareformidlar dei kontakt og følgjer opp.

– Målet vårt er ikkje å ha kontakt med brukarane over lang tid. Dei vellukka sakene våre er ofte dei vi ikkje ser att på gata. Dei har kome seg vidare, og klart å ta imot og nyttiggjere seg av hjelpa dei får.

Vert som gamle kjende

På ein vanleg måndags ettermiddag i Oslo sentrum hastar folk til og frå, går inn og ut av trikkane som trufast sniglar seg gjennom dei tronge gatene.

Men det er også ein stor gjeng som berre står, og som ikkje har tenkt seg nokon stad. Fleire av dei er synleg rusa, og på korte sekund er pengar bytta med dop.

Nokre held utkikk etter politiet, andre myser mistenkeleg mot Erdal og kollegaen hans frå Uteseksjonen, Bernt Kristian Kristiansen.

– Eg er leiar i Uteseksjonen no, og slutta å gå oppsøkande ute i 2006 så det er nok mange som ikkje kjenner meg og som lurer på om eg politi eller på kva eg vil dei, seier Erdal og kikkar på gjengen som heng på trikkestaden.

– Oppsøkjarane våre som går ute kvar einaste dag er godt kjende i dei ulike gatemiljøa, og dei er på hels med mange.

Uteseksjonen i Oslo kommune

OPENT SAL: Det skjer fleire heilt openlyse sal av narkotika ved t-banestasjonen på Grønland.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Gatereglane gjeld

På vandring til Vaterlandsparken møter dei to fleire som dei kjenner att.

– Her er det eit veldig hardt miljø der vi heile tida må vurdere tryggleiken vår opp mot jobben vi skal gjere, forklarer Kristiansen.

Det er ikkje populært at det kjem framande til t-banestasjonen på Grønland. For her er det gata sine reglar som gjeld. Overalt står det folk i store jakker med harde blikk som tastar på mobilane sine, utvekslar pengar og dop, og held området under nøye oppsyn.

– Å ta bilete her er ikkje noko vi ville gjort, seier Erdal og nikkar til journalisten sin mobil.

– Dei kjenner ikkje deg, og er automatisk mistenksame på kven du er og kva du vil, supplerer Kristiansen.

Står ikkje berre å heng

Det tek ikkje lang tid før vi er omringa av fleire, som tydeleg markerer territorium og stirer.

– Her er kanskje den vanskelegaste målgruppa vår. Mange unge med minoritetsbakgrunn held til her, og det er eit tøft miljø.

Men Erdal har tru på at metoden dei brukar for å få tillit og kontakt hjelper.

– Vi ser at vi over tid oppnår respekt og tillit, også i desse harde miljøa. Men det kan ofte sjå ut som vi berre står og heng vi også når vi jobbar. Det handlar om å vere til stades, vere synlege og tydelege over tid, forklarer Erdal.

Tall for det åpne rusmiljøet i Oslo
Foto: Oslo kommune