Hopp til innhold

Ber Eid og Gloppen skifte namn

Ordførar i Stryn, Sven Flo, ber Eid og Gloppen skifte namn på det avtalte kommunenamnet Nordfjord. Det skriv Fjordabladet. Flo seier namnet vil vere øydeleggande i høve til å byggje opp Visit Nordfjord som destinasjonsselskap, og at fleire har truga med å trekkje seg frå selskapet dersom dei tek namnet Nordfjord kommune. Ordførarane i dei to kommunane seier dei tek med seg innspela vidare.