Hopp til innhold

Ber departementet trekke forskrift

Bondeorganisasjonane ber om at klima og miljøminister Tine Sundthoft trekker ei høyring om ny forskrift for tap og kostnader når husdyr blir drepne eller skadd av rovvilt.

Sau drept av jerv
Foto: Ola Langli i Rindal

Organisasjonane meiner forskrifta legg opp til for tung bevisbyrde på bøndene og at den ikkje tek inn over seg konsekvensane av den såkalla "Krokann-dommen" som kom etter at den nye forskrifta var sendt ut på høyring. Det seier Nils T Bjørke som leiar i Norges Bondelag.

Nils T. Bjørke, leder Norges bondelag

VIL HA BETRE ERSTATNINGSORDNING: Nils T Bjørke, leiar i Norges Bondelag

Foto: Leif Inge Larssen / NRK

– "Krokann-dommen" seier at når ein ikkje kan påvise andre grunnar enn rovdyr som kan vere årsak til husdyrtap ut over det normale, så skal bonde ha full erstatning. Den nye forskrifta som er ute på høyring legg for tung bevisbyrde på bøndene.

I 2008 slapp Ola Krokann 700 sauer på beite på Oppdal. 55 dyr kom ikkje heim igjen. Krokann søkte om erstatning for alle dyr ut over normaltapet. Han fekk først avslag, men seinare vart Statens vedtak om å nekte han full erstatning kjent ugyldig. Krokann vart tilkjent nesten 170 000 kroner i sakskostnadar frå Miljøverndepartementet.

Rettskraftig dom

– Då "Krokan-dommen" blei rettskraftig og staten ikkje anka så er dommen klar på at bonden skal ha full erstatning, så lenge det ikkje sansynlegjord andre grunnar til tap enn rovdyr. Forslaget som no er ute på høyring vil ikkje gi god nok erstatning for bonden.

Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit skriv no brev til Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft der dei ber ho trekke forslaget til ny forskrift om rovdyrerstatning, som no er ute på høyring.

– Den nye regjeringa har jo vore svært tydlege på at dei skal ha ein betre erstatningspolitikk enn den raudgrøne regjeringa, og då heng ikkje dette saman, seier Bjørke