NRK Meny

Ber departementet komme til Florø

Flora-ordførar Ola Teigen har invitert Nærings- og fiskeridepartementet til Florø, skriv Firdaposten. Bakgrunnen er nedgangen i offshorenæringa. Teigen fortel til avisa at han vil informere departementet om kva moglegheiter som eksisterer i kommunen. Han håper på besøk i oktober.

Ola Teigen
Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå