Hopp til innhold

Ber bønder som vil satse om å vere raske på labben

Marknaden for saueproduksjon er på veg opp. Bondelagsleiaren ber folk om å satse, slik at dei kan vere med på oppturen i marknaden.

Anders Felde

BØR SATSE NO: Bondelagsleiar, Anders Felde, meiner ein tradisjonelt har vore treige i Sogn og Fjordane, og be bøndene no vere raske på labben.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein nye prognose frå Nortura, som er marknadsregulator for lammekjøtt, viser at underdekninga av norske lam er redusert til 400 tonn.

Det er meir enn ei halvering frå prognosen i mars, då ein venta ei underdekning på 900 tonn lammekjøtt. I november i fjor var underdekninga til samanlikning rekna til 1400 tonn, skriv Nationen

– Det er gledeleg at det kan bli for mykje lam, fordi då er bøndene optimistiske og investeringsvillige og det er viktig, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde til NRK.

Ber bøndene hive seg rundt

Bondelaget i Sogn og Fjordane har vore klar over at ein ville få ein redusert underdekning før eller seinare, men det skjer raskare enn dei hadde sett føre seg.

– Tradisjonelt har vi vore litt treige på labben her i fylket, men no må bøndene få opp farten å bygge slik at vi sikrar at Sogn og Fjordane framleis blir eit viktig sauefylke framover, seier Felde.

Overdekking i marknaden får to konsekvensar for sauenæringa. Prisane går ned og det blir vanskelegare å få investeringsstøtte til saueutbygging.

– Det blir vanskelegare å tene pengar på sau og i ein metta marknad vil det vere vanskeleg å få støtte til utbygging, seier bondelagsleiaren.

Mange bønder, lite pengar

Felde understrekar viktigskapen av at bøndene hive seg rundt og får vere med på ein marknad på opptur. Men Innovasjon Norge sine pengar retta mot sauenæringa er allereie brukt opp.

– Der er fleire bønder som ønskjer å satse enn der er pengar i støtte. Det er positivt at bøndene vil satse, men dumt at det no står bønder som ventar på pengar og ikkje får bygd, seier Felde.