Kommunelege Lars Moland reagerer sterkt på at Jon Bolstad stoppar inntaket av lokale ortopedipasientar i Lærdal, til fordel for meir lukrative pasientar frå resten av landet.
Han fortel at pasientar frå Aurland har blitt nekta behandling ved ortopediklinikken i Lærdal og vist vidare til sjukehuset på Nordfjordeid.
- Det er heilt uakseptabelt at økonomiske omsyn skal gå framfor medisinske vurderingar av pasientar, seier Moland til NRK Sogn og Fjordane.
Overraska
Han peikar på at det særleg for eldre pasientar er viktig å gå få gjort denne typen undersøkingar og behandling nærast mogeleg heimen.
Kommunelegen i Aurland reagerte slik då han vart kjende med instruksen frå Bolstad.
- Eg vart veldig overraska og tykte det var svært urimeleg at pasientane måtte reise langt for undersøking eller behandling, når det på dette området faktisk er høg kompetanse berre ein halvtimes biltur unna, seier Moland.
Krev beklaging
Moland fortel at han berre har gode erfaringar med å bruke ortopediklinikken i Lærdal. Samarbeidet har vore godt, og difor tykkjer han det er synd at ikkje pasientar frå Sogn og Fjordane skal få nyte godt av tilbodet.
No ber han Helse Førde-direktør Jon Bolstad tenkje seg om.
- Eg synest han bør beklage notatet og trekkje det tilbake umiddelbart. Ventelister og prioritering bør ikkje vere avhengige av bustadadresse, avsluttar Lars Moland.