Hopp til innhold

Arbeidarar kjenner seg utrygge - ber bilistane senke farten

Vegtrafikksentralen ber bilistar senke farten når dei køyrer forbi område der det pågår opprydding etter uveret Dagmar.

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

RYDDAR OPP: Uveret Dagmar knekte mange tre og øydela mykje langs vegane. Slik såg det ut i Nordfjord 1. juledag. Men framleis pågår det opprydding langs vegane.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

Vaktoperatør Arne Stadheim seier dei har fått telefonar frå folk som er ute og jobbar langs vegane.

– Arbeidarar som ryddar opp tre og røter, har ringt og sagt at bilar køyer for fort forbi, seier han.

Stadheim ber folk om å ta omsyn til skilt som fortel om vegarbeid og opprydding.

– Køyr saktare forbi, det gjer det tryggare for dei som skal utføre jobben.

Han seier det er glatt og vanskelege køyreforhold enkelte stader og difor ekstra viktig å ta omsyn. Oppryddingsarbeidet vil halde fram heile denne veka

– Vi har ein del arbeid igjen på riksveg 60 mellom Stryn Utvik. Også her er det glatt, men strøbilane er ute no, seier han.