Ber bilistane halde seg heime

Det er overhengande fare for at det kan gå fleire ras langs vegane i Sogn og Fjordane i løpet av natt til laurdag. Folk som ikkje har viktige ærend i bil bør difor halde seg unna vegane.

Fylkesveg 610 ved Viksdalsvatnet i Førde kommune er stengd etter ras

STENGD: Fylkesveg 610 ved Viksdalsvatnet er mellom dei mange vegane som fredag kveld er stengde. Vegen her blir tidlegast opna når det lysna.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Anna Gytri
Journalist

Det er den klare oppmodinga frå Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

- Folk treng ikkje køyre rundt i utrengsmål, seier Nedberge Hille til NRK.no like før klokka 23 fredag kveld.

Lang liste over stengde vegar

I løpet av ettermiddagen og kvelden har store nedbørsmengder før til ei rekkje stengde vegar. Lista har blitt lenger og lenger, og det er seint fredag kveld 14 vegar som er stengde på grunn av ras, rasfare og flaum.

Mange vegar har vore opna og stengde i løpet av kvelden, og entrepenørar har vore i sving over heile fylket for å rydde vekk steinar, jord, tre og sørpe som har kome ned i vegane.

Nedberge Hille seier det tidleg på dag var flest steinras som mellom anna vart utløyste av elvar som rann over og tok med seg stein og tre. Utover kvelden har det gått over til fleire jord- og sørperas.

- Det er framleis ein del nedbør, så det er overhengande fare for at det kan kome fleire ras, seier han til NRK.no.

Fleire stadar har det vore mørkt når rasa har gått, og det har vore vanskeleg å få oversikt over omfanget.

Blir ikkje gjort noko før det lysnar

Vegane som er stengde på grunn av ras fredag kveld, blir tidlegast opna når det lysnar laurdag. I dei aller fleste tilfella vil det bli gjort vurdering i 9-10-tida, opplyser Roger Nedberge Hille.

- Vi startar ikkje med rydding av ras i natt, seier han.

På E39 i Våtedalen i Gloppen har mannskap vore i sving i kveld for å fjerne dei siste steinane som har rasa ned. Nedberge Hille seier ein gjer dette for å kunne halde regulariteten oppe på europavegen.

Det blir fredag kveld køyrd kolonner på fem og fem bilar gjennom Våtedalen.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.