Hopp til innhold

Vegvesenet ber bedriftene bry seg meir om utanlandske sjåførar

Norske bedrifter som sender varene sine med utanlandske lastebilar må bry seg meir. Det meiner vegvesenet som seier enkle grep kan utgjere ein stor skilnad både for arbeidsvilkåra til dei utanlandske sjåførane og tryggleiken på vegane.

Jan Tore Odd

BRY SEG: Jan Tore Odd meiner norske bedrifter med små grep kan bidra til at utanlandske sjåførar får det betre og ikkje blir tvinga til å ta sjansar langs vegane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Utanlandske lastebilar er blitt eit heilt vanleg syn på norske vegar, og behovet for transport er så stort at ein er heilt avhengig av dei.

Men forholda dei utanlandske sjåførane jobbar under er ikkje alltid slik dei bør vere, meiner Jan Tore Odd. Han er direktør for trafikant og køyretyavdelinga i Statens vegvesen region Vest, og han manar no til at norske bedrifter som brukar utanlandske transportørar må bry seg meir.

– Vi har eit ansvar for menneska i dette landet, og dette med å sjå på at utanlandske sjåførar blir utsette for utidig press, det må vi gjere noko med. Vi må engasjere oss, seier han.

– Knapt nok pengar til mat

Jan Tore Odd er sjef for dei som jobbar på vegvesenet sine kontrollstasjonar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Han meiner det er mange ulukkelege utanlandske sjåførar som får lide for det han meiner er uryddige haldningar i transportindustrien.

– Vi ser at sjåførar blir utnytta, og det vi ser er truleg berre toppen av isfjellet, seier han til NRK.no.

Rundt omkring på dei forskjellige kontrollstasjonane til vegvesenet får kontrollørane innblikk i korleis sjåførane har det. Historiene er mange om utanlandske sjåførar som lever under forhold som Odd meiner er uverdige.

– Når vi treffer dei på kontrollstasjonane så viser det seg ofte at dei knapt nok har pengar til mat, og får dei bøter har dei iallfall ikkje pengar til det.

– Dei er fullstendig avhengige av arbeidsgjevarane sine, og ofte blir det slik at den svakaste part taper, seier Odd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontroll på Håbakken

KONTROLL: Statens vegvesen har stadig oftare kontroll av tunge køyrety. Her frå ein rutinekontroll ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Venta elleve dagar på at bota skulle bli betalt

Tyrkiske Fethi Cagiran (37) er eksempel på ein sjåfør som vart stogga utan pengar til å betale bota si. For to veker sidan vart han stogga på kontrollstasjonen ved E16 i Lærdal med 12 tonn overlast, dårlege bremser og sommardekk på nesten alle hjula. Dermed vart det bråstogg for dei to vinsjane som skulle til Bergensområdet.

Vegvesenet skreiv ut eit overlastgebyr på nesten 60.000 kroner til firmaet hans, medan sjåføren fekk eit bot på 8000 kroner. Først elleve dagar seinare hadde firmaet fått betalt bota til Cagiran, for sjølv hadde han ikkje sjanse til å punge ut.

– Eg har ikkje 8000 kroner, eg er ein hardtarbeidande sjåfør og får ikkje så mykje løn, har Cagiran fortalt til NRK.no.

For Cagiran vart det lange dagar på parkeringsplassen utanfor kontrollstasjonen. Etter nokre dagar byrja han å rasjonere på det han hadde av mat, og til NRK har han fortalt at det gjekk mykje i kjeks og cola. Det verste var likevel einsemda og uvissa om kor tid han kunne få reise vidare.

– Det å vere så isolert. Det gjer meg deppa, har sjåføren fortalt.

– Katastrofe

Bjarte Frækaland har kontrollert tunge køyrety i mange år, og jobbar i dag på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal. Han seier dei dagleg ser at utanlandske sjåførar har andre forhold enn sine norske kollegaer.

Mellom anna går dette på mat, der utanlandske sjåførar sjeldan kjøper mat i Norge. NRK har tidlegare fortalt korleis austeuropeiske sjåførar har med seg all maten sin heimefrå og lagar den til på primusar på parkeringsplassar rundt omkring.

Løna dei utanlandske sjåførane får er naturleg nok forskjellig frå firma til firma, men mange jobbar for rundt 1000 Euro i månaden. Når dei så kjem til Norge og får bøter som kan tilsvare både ei og to månadsløner blir dei oppkava. Frækaland seier mange blir store i auga og spesielt eitt uttrykk er mykje brukt.

– Katastrofe, det er som regel det dei austeuropeiske sjåførane seier, fortel han til NRK.no.

Medan til dømes brot på køyre- og kviletida betyr bøter for sjåføren, er det firmaet som får rekninga når lastebilar blir stogga med overlast. Men om det faktisk er firmaet som betaler for overlasta er ikkje alltid sikkert.

– Nokon av sjåførane fortel at det er dei som må betale for det, seier Frækaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fethi Cagiran

MÅTTE VENTE: Fethi Cagiran hadde ikkje råd til å betale bota si sjølv, og venta i elleve dagar på at sjefen skulle gjere det.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Usikre vegar

Direktør for trafikant og køyretyavdelinga i region Vest, Jan Tore Odd, vedgår at han får ilt inni seg når han høyrer om sjåførar som blir stogga utan pengar til å kjøpe mat eller til å betale bøtene sine.

– Ja, eg må seie eg gjer det. Dette er medmenneske, og det må ein ta omsyn til, seier han.

Ønsket om at norske transportørar skal ta meir ansvar er ikkje noko nytt. Likevel tek Odd til orde for dette på ny.

– Vi får usikre vegar når det er slik som dette. Om ein utanlandsk sjåfør er pressa til å køyre med overlast, med dårlege dekk og i stor fart fordi det alltid er travelt, så får ein usikre vegar.

Vil unngå at sjåførane blir pressa til å ta sjansar

– Er utanlandske sjåførar meir pressa til å tøye grensene enn norske sjåførar?

– Eg trur også norske sjåførar er det, men vi ser at utanlandske sjåførar ofte har ei veldig merittliste når vi sjekkar køyre- og kviletida deira, seier han.

Kontrollar har mellom anna avdekt sjåførar som berre har hatt ein halvtime kvile i løpet av eit døgn, der kravet er minimum ni timar.

– Dette ser vi ikkje så veldig ofte hos norske sjåførar, seier Odd.

– Skal norske selskap ta ansvar for at dei utanlandske sjåførane får meir løn?

– Det skal eg ikkje akkurat seie, men dei må ta ansvar for at transporten som skjer på norske vegar skjer i lovlege former slik at ikkje sjåførane blir pressa til å ta unødige sjansar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontroll på Håbakken

OM NATTA: Kontrollørane har no oftare kontrollar på natta, her frå ein kontroll på Håbakken i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Meiner små grep kan utgjere ein stor skilnad

Odd meiner nokre små grep kan vere med på å betre situasjonen for dei utanlandske sjåførane. I tillegg vil det bety mykje for tryggleiken langs vegane.

– Bedriftene treng ikkje levere ut meir gods enn det bilen toler. Vi ser at når vi har lært opp transportselskapa i kor mykje ein bil kan lastast med, så held dei seg til reglane. Om ikkje køyrer dei på med så mykje lass som dei berre kan.

– I forhold til teknisk tilstand på køyretyet er det ikkje så vanskeleg å ta ei runde rundt bilen for å sjå om bilen har skikkelege dekk og har med seg sju kjettingar slik kravet er, seier Odd.

– Då hadde ein gjort eit bidrag til å auke trafikktryggleiken.

– Og ein treng ikkje utdanning for å få dette til?

– Ein må ha to auge i hovudet og kunne å telje, det er det ein treng, seier Odd.

Han vil gjerne ha ein kampanje på dette og viser til at det i Nordland har vore liknande. Der har eit samarbeid mellom Vegvesenet og oppdrettsnæringa ført til at 6000 lastebilar lasta med laks har fått sjekka dekk og kjettingar.

– Slik kan vi ikkje ha det

Også Norges Lastebileigarforbund skulle helst sett at norske bedrifter som sender varene sine med utanlandske bilar tok meir ansvar for at ting er på stell. Også dei burde ansvarleggjerast om utanlandske transportørar blir stogga med feil og manglar, meiner forbundet.

Administrerande direktør Geir A. Mo er lei det han meiner er dårlege unnskyldningar.

– Dei får i alt for stor grad høve til å trekkje på skuldrene og skulde på eitt eller anna utanlandske meklarføretak eller andre ting. Slik kan vi ikkje ha det, seier Mo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir A. Mo

KREV HANDLING: Geir A. Mo meiner mange bedrifter gøymer seg bak dårlege unnskyldningar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Oppbrukt for lengst

I mange tilfelle sel norske bedrifter varer til selskap i utlandet, og så er det desse selskapa som ordnar med transport. Dermed har ikkje dei norske selskapa bestilt transporten som ofte skjer med utanlandske bilar og sjåførar. Denne unnskyldninga er oppbrukt for lengst, meiner Mo.

– Ein vareseljar i Norge bør ha eit ansvar for å sjekke at transporten dei brukar har tilfredsstillande papir, har god nok utrusting, og bilar og kompetanse til å køyre på norske vegar.

– Det kan ikkje vere slik at dei kan fråskrive seg ansvaret når dei har sett varene på rampene.

Meiner bileigar og sjåfør må ta ansvaret

Erling Sæther som er næringslivsdirektør i NHO Logistikk og Transport er ikkje samd.

– Vi meiner det først og fremst er bileigar og sjåfør som etter trafikklova har ansvar for teknisk standard og anna utrusting på bilen. Ein formidlar, slik som våre medlemsbedrifter er, har ikkje moglegheit til å kontrollere alle forhold rundt ein bil.

– Det ville bli som at du skulle ta ansvar for sjåføren og den tekniske standarden på drosja du tek heim om natta, eller den tekniske standarden på flyet du tek når du skal til USA, seier Sæther til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

KØYRE OG KVILETID: Kontrollar har avdekt at utanlandske sjåførar har hatt så lite som ein halv time kvile på eitt døgn, er kravet er minimum ni. Slike grove brot ser ein ikkje så ofte hos norske sjåførar, seier Jan Tore Odd.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi bryr oss

Han seier bedriftene NHO Logistikk og Transport representerer nyttar seg av mellom 9000 og 10.000 lastebilar kvar dag, der mellom 2000 og 3000 av desse er utanlandske.

– Vi bryr oss om både dei norske og dei utanlandske, seier Sæther.

Han meiner norske bedrifter allereie tek ansvar i forhold til utanlandske sjåførar. Dei enkle grepa Vegvesenet etterlyser med ein sjekk av dekk og kjettingar, blir allereie utført av fleire.

– Vi har bedrifter som har sett i system eit kontrollsystem som inneber at kvar gong ein utanlandsk bil er på ein norsk terminal og dei sender den vidare, så sjekkar dei dekka, dei sjekkar teknisk standard og dei sjekkar sjåførkompetanse, seier Sæther og legg til:

– Ei av bedriftene som er flinkast i klassen på dette, er den bedrifta lastebileigarane ofte mobbar, statseigde Bring.

Vil ha slike rutinar hos alle

– Er dette noko alle bedrifter kan få til?

– Ja, vi jobbar for at alle bedrifter som bruker utanlandske sjåførar innfører rutinar som gjer at dei sjekkar den tekniske standarden.

– Men å bli gjort juridisk ansvarleg for bøter og førelegg som dei får, det er ei anna sak. Det er umogleg å gjennomføre, seier Sæther.

Han seier NHO Logistikk og Transport også støttar forslaget om innføring av påbod om vinterdekk og at dei jobbar med ein etikkplakat for bransjen.