– I Lærdal er det sett full beredskap og vi har i praksis kalla ut alle dei ekstramannskap som det har vore mogleg å få tak i. Viss det er helsepersonell i Lærdal som les dette og som kan møte på jobb, så ber vi om at dei gjer det, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.
Han understrekar at alt av helsepersonell er viktig i denne fasen.
– Vi snakkar sjukepleiarar og helsepersonell generelt. Det har vore ei stor belastning på våre tilsette som har gått på jobb i natt, seier Ulvedal.
Det var seint laurdag kveld at det tok til å brenne i eit bustadhus i Lærdal sentrum. Brannen spreidde seg raskt til omkringliggjande hus, og like før klokka 10.00 laurdag ser det ut til at langt over 20 hus er fullstendig nedbrende.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ni pasientar sende til Førde
– Så langt er det om lag 90 pasientar som er innlagde ved Lærdal sjukehus fordi dei har pusta inn røyk, seier Ulvedal.
Ingen av desse pasientane skal vere alvorleg skadde.
– Det er snakk om lettare skadar, seier Ulvedal.
Ni av pasientane er overført til Førde sentralsjukehus.
– I samband med at redningshelikopteret er på veg til Lærdal med seks intensivsjukepleiarar og tre legar frå Førde sentralsjukehus, så kjem den til å ta med seg ytterlegare seks pasientar på tilbaketuren, seier Ulvedal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ei svært krevjande natt
Han fortel at det har vore ei krevjande natt for dei som har vore på jobb.
– Det er ikkje vanskeleg å setje seg inn i. Er det nokon som kan hjelpe oss no, så tek vi i mot det, seier Ulvedal.
I alt har over 300 personar vore innom Lærdal sjukehus for helsesjekk i løpet av natta og morgontimane søndag.
- LES OGSÅ: