Politistasjonssjef Nils Erik Eggen ber om at alle som var ute i Florø natt til fredag om å melde seg for politiet og fortelje det dei har sett og høyrt, sjølv om dei ikkje trur dei har noko interessant å tilføre saka. Verken ei omfattande rundspørjing i helga eller gjennomgang av overvakingskamera i byen har ført fram. Eggen fortel at det har kome inn ein del tips, men ikkje særleg mange.
Kripos arbeider i ruinane. Foto: Cosmin Cosma, NRK
Kripos saumfer tomta
To etterforskarar frå Kripos og ein brannhund saumfer no branntomta. Eggen seier at ein del ting frå tomta må undersøkast nærare, så det er vanskeleg å seie noko sikkert enno om brannen er påsett eller ikkje.
Han kan ikkje kommentere om brannen har teke til inne i huset eller på utsida.