Hopp til innhold

Ber alle slutte å bruke skismørjing med fluor

Dyr og helsefarleg skismørjing kan ha teke liv. No går skikrinsen ut og ber alle klubbane sørge for at skirenna på deira terminliste er fluorfrie.

Finn Årdal

IKKJE FLUOR: Skismørjing med fluor er helsefarleg, dyrt og unødvendig, meiner krinsleiar Finn Årdal i Sogn og Fjordane skikrins.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Dette er i tråd med det Norges Skiforbund har gått ut med, at vi skal prøve å få vekk bruken av fluor i glideprodukt. Det er ein viss helserisiko å bruke desse produkta, i tillegg til at dei er dyre og unødvendig i barneidretten, seier krinsleiar Finn Årdal i Sogn og Fjordane skikrins.

Det er i ein uttale vedteken i skikrinsstyret 11. desember at oppmodinga om å snu ryggen til fluor kjem. Styret oppmodar alle klubbar til å nytte glideprodukt utan fluor i alle skigreiner – spesielt i årsklassane til og med 16 år.

– Kvifor ikkje også vaksne?

– Vi vil at alle som går lokale renn let vere å bruke glidemiddel som inneheld fluor. Grunnen til at vi ikkje forbyr det, er fordi det ikkje finst kontrollmetodar enno. Men Norges Skiforbund har gjort eit vedtak på at så fort det finst metodar, så skal slike produkt bli forbodne innan 14 dagar.

– Men vi ser ingen grunn til å vente, så vi oppmodar folk til å slutte å bruke skismørjing med fluor med ein gong, seier Finn Årdal.

Kvinne døydde

Dyr og helsefarleg skismørjing har blitt naudsynt for å hevda seg i langrennstoppen på barne- og ungdomsnivå.

Skismørjing som inneheld fluorstoff gjev betre glid, men kan koste fleire hundre kroner kvar gong ein smør skia, og er helsefarleg.

Over heile landet utset foreldre seg for helsefare ved å smørje skia til barna sine med fluorprodukt, utan å bruka rett verneutstyr.

Kampanjen «Tøffast utan fluor» vart starta etter at ei trebarnsmor døydde av nyrekreft. Kreftspesialistane hevda at fluorstoffa i skismørjinga var årsaka til kreften.

Trur folk følger

Krinsleiar Finn Årdal trur folk følger oppmodinga.

– Ja, det trur eg. I dei få tilfella der skiføre gjer at det er ein fordel å bruke produkta, blir det likt for alle om ingen brukar det.

– Får det nokon konsekvensar for skiidretten å slutte å bruke fluor?

– Det finst vanlege glivoksar utan fluor, som er både billigare, og på dei aller fleste skiføre, minst like gode. Det er berre fordelar for skisporten at vi blir kvitt fluor på glideprodukt, seier Årdal.

For å avgrense helse- og miljøskade ved bruk av fluor oppmodar også langrennskomiteen i Norges Skiforbund at alle ser til at vedtekne smørevettreglar og reglar for handsaming av avfall vert følgde.