Stasjonseigar Johnny Fossheim seier han håpar å ha bensin på tankane om nokre dagar, men sikker er han ikkje. Sidan helga før påske har pumpene vore stengde. Ifølgje Fossheim er årsaka priskrigen som pågår andre stader i fylket. Den har ført til at kundane stort sett har tanka andre stader. No såg han seg ikkje råd til å tilby drivstoff lenger, og er i forhandlingar med leverandøren om ein ny avtale.
Får kjøpt diesel hos transportfirma
Dieselkundane derimot har eit alternativ. Lasse Øren ved transportfirmaet Per A. Øren seier dei har opna pumpene for andre firma og privatpersonar. Sjølv om bensinkundane lek til andre kommunar, så er det nok av dei som saknar bensinpumpene i Høyanger. Også Lasse Øren håpar at stasjonen snart opnar att.