Hopp til innhold

Bendik: - Vi må lære av dette

- Det er ikkje bra å tape heime. I alle fall ikkje første heimekamp. Vi må lære av dette, resignerer sogndalkeeper Joseph Bendik etter 1-4 heime for Odd.

Joseph Bendik for seint i duell med Frode Johnsen.

DÅRLEG: Joseph Bendik kjem altfor seint ut i feltet, og er sjanselaus når Frode Johnsen stussar inn 3-1.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Amerikanaren fekk sin andre eliteseriekamp på rad mellom stengene, men fekk ein tung dag på jobb. Fire gonger måtte han plukke ballen ut av eige nett. To av dei meiner han at han kunne ha avverga.

Allereie etter tre minutt då Torgeir Børven klinka eit frispark i vinkelen.

- Det var eit bra frispark, for all del. Kanskje eg burde teke det om eg hadde slengt meg, men eg veit ikkje. Eg må sjå det i reprise, seier Bendik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odd scorar 1-0

I VINKELEN: Frisparket frå Torgeir Børven sat som klistra i vinkelen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På bærtur

På stillinga 1-2 til skienslaget er Bendik derimot klar på at han nok burde gjort ein betre inngripen. Bileta viser at keeperen på godt norsk er på bærtur.

Frode Johnsen raga høgast på frisparket frå Jone Samuelsen og sende ballen i bue over ein utrusande Bendik.

- Eg prøvde å gå etter ballen, men vart litt sein. Eg burde sikkert stått på streken, men slikt skjer, og ein må berre ta lærdom av det, seier amerikanaren.

- Kunne endra seg

Med seks baklengsmål på sine to første eliteseriekampar kunne Bendik tenkt seg ein betre start.

Jone Samuelsen si perlescoring kunne ikkje amerikanaren gjere noko med. Ei heller då tamt og slurvete forsvarsspel gav innbyttar Erik Midtgarden sjansen til å sette inn 1-4.

- Dei scorar på sjansane sine. Etter at Bakke scora, så jamna kampen seg ut. Etter kvilen hadde Ulrik ein stor sjanse, og hadde han scora så kunne nok kampen endra seg, seier Bendik.

- Det er litt tungt

Ulrik Flo misbrukte sjansen då Cato Hansen fann han med eit innlegg like etter kvilen. Då var stillinga 1-1.

Som mot Strømsgodset i første serierunde vart det til slutt null poeng.

- Det var ikkje slik sesongen skulle starte. Første kampen mot Godset var vi budde på å møte eit godt lag. I dag følte vi at sjansane var veldig, veldig gode for å vinne kampen. Når vi ikkje får den, så er det litt tungt, seier Flo.

- Må vere farlegare

- Eg føler vi slit litt med å kome til dei store sjansane. Kvifor kan nok diskuterast, men vi må vere farlegare enn dette på heimebane, seier den reflekterte stryningen som starta kampen på topp saman med Hansen.

- Det er eitt eller anna som ikkje er på plass i dag. Om det er innstilling, rutine eller rett og slett kjensla av at vi må slappe av når vi spelar fotball. Eg veit ikkje, seier han.