Hopp til innhold

Bendik får truleg eliteseriedebut

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Keeper Joe Bendik får truleg stå i mål for Sogndal i seriepremieren mot Strømsgodset søndag.

Han dei trudde ville bli eit klart førsteval i mål, Kenneth Udjus, har i det siste hatt smerter i lysken på venstrefoten. Dermed kan Bendik få sjansen til å debutere i eliteserien.

– Det blir ei god erfaring for meg og ein god moglegheit til å vise meg fram, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Joseph T. Bendik

VIL KJEMPE: Joe Bendik har tru på at han vil markerer seg i Sogndal denne sesongen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kjempar om å bli førstevalet

Han håper å gjere det bra dersom han får prøvd seg, og han legg ikkje skjul på at han kjempar for å blir førstekeeper.

Tidlegare var han fast målvakt for Sogndal 2, men fekk sjansen til å prøve seg på høgare nivå då Piotr Leciejewski fekk karantene i fjor haust. Polakken har no reist til Brann, som ein del av byteavtalen der Sogndal fekk Kenneth Udjus.

Til eit nytt nivå

Bendik har hatt ei enorm utvikling siste året og meiner sjølv at Sogndal no har to jamne målvakter.

– I fjor var eg alltid andrevalet, no er det meir jamnt og eg kan kjempe om førsteposisjonen. Det at eg fekk spelt dei tre siste kampane førre sesong, tok meg til eit nytt nivå, seier den amerikanske 21-åringen.

Han skryt av oppbackinga og treninga han har fått av keepertrenar Terje Skjeldestad.

– Eg har stor respekt for han. «He's the King», seier han.

– Vi har to gode målvakter

Skjeldestad seier at dei skal bruke dagane fram til kampen for å sjå korleis det går med Udjus.

– Ingenting er bestemt enno, men det viktigaste er at Kenneth blir frisk igjen.

Han ville ikkje vere med på at keeper-duellen har blitt jamnare enn dei rekna med.

– Nei, eg har visst at vi hadde to gode målvakter. Bendik har fått ei god utvikling og Udjus er ein solid keeper. No har vi to gode og jamne i mål. Bendik har jobba seg skikkeleg inn, og viser at dersom ein står på, så får ein betalt.