I følgje miljøvernarane rømde laksen gjennom ei tre meter stor rift som oppstod då merden vart løfta opp for å sortere fisk.
Bellona fryktar rømming kan skade den sårbare laksestamma i Sognefjorden. Dei håpar politimeldinga vil medføre strengare praksis i handhevinga av regelverket.