NRK Meny
Normal

Bellona har prioritert vekk Førdefjorden

Natur og Ungdom skulle gjerne sett at Bellona engasjerte seg sterkare mot fjorddeponi i Førdefjorden.

Har prioritert vekk Førdefjorden

IKKJE PRIORITERT: Hallstein Havåg (innfelt) i Bellona seier dei har hatt mykje å gjere i sommar og at dei difor ikkje har hatt tid til å setje fullt trykk på Engebøsaka.

Foto: Maya B. Vedeld/Bellona, Hans-Olav Landsverk/NRK / Montasje

– Dei gjer sine prioriteringar, det må dei få lov til. Så håpar vi at dei og ser dei store konsekvensane dette gruvedeponiet vil ha, dersom det blir gjennomført, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Dei siste månadane har miljøorganisasjonen Bellona sleppt taket i saka om fjorddeponi i Førdefjorden. Organisasjonen har tidlegare gått sterkt ut mot gruvedrift i Engebøfjellet. Men den siste tida har det vore stille, vedgår fagsjef i Bellona, Hallstein Havåg.

Arnstein Vestre, Natur og Ungdom

VIL HA DRAHJELP: Arnstein Vestre og Natur og ungdom håpar at Bellona kjem sterkare på bana.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det har vore stort trykk på mange saker hos oss og vi har ikkje kunna prioritert Førdefjorden no i sommar, slik vi skulle ha gjort.

Dette betyr likevel ikkje at Bellona har meldt seg heilt ut av Engebøsaka, seier Havåg.

– På ingen måte. Vi skal sørge for at myndigheitene gjer det dei har sagt dei skal gjere. Nemleg at norsk mineralutvinning skal vere verdsleiande på miljø, seier han.

Havåg i Bellona rosar Naturvernforbundet og Natur og Ungdom for den innsatsen dei har gjort. Sjølv lovar han at Bellona kjem sterkare tilbake utover hausten. Arnstein Vestre i Natur og Ungdom trur dei vil ha mykje å bidra med.

– Det set vi stor pris på. Eg trur òg at lokalbefolkninga her i Vevring og langs Førdefjorden vil setje pris på det. Vi gler oss til å sjå kva dei kan bidra med, seier han.