Hopp til innhold

Belik-søstrene til justisministeren

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), som sit i justiskomiteen, vil ta Belik-saka opp med justisministeren.

Olga og Tanja Belik.
Foto: NRK

Tanja og Olga Belik kom til Norge og frå Moldova i 2003. I Aurland har dei budd saman med mora, som kom året før på grunn av politisk forfølging.

- Eg meiner Norge har rom til desse jentene. Vi må ikkje verte så stivbeinte at vi vert paragrafryttarar. Vi kan ikkje gje oss, og eg ser vel at det berre er justisministeren som har høve til å gjere noko.

Fryktar for livet

Tysdag vart det klart at Borgarting lagmannsrett, tilliks med Oslo Tingrett, meiner at Utlendingsnemda ikkje har gjort sakshandsamingsfeil i saka, og dermed skal dei to tenåringssøstrene sendast ut av landet.

Sjølve fryktar søstrene for livet, og meiner dei risikerer å bli tvinga til prostitusjon om dei må tilbake til Moldova.

- Bør bli lettare å få politisk asyl

Ingrid Heggø er no på ein konferanse i New York som nettopp handlar om slike tema. Og ho meiner at fare for menneskehandel bør gje grunnlag for politisk asyl.

- Eg skal møte Karita Bekkemellem seinare i dag, og då vil eg ta saka opp direkte med henne. Og så skal eg og ta det opp med justisministeren når eg kjem heim. Eg trur vi må endre krava for å få politisk asyl i Norge, meiner Heggø.