Tanja og Olga Belik. Arkivfoto Heidi Lise Bakke NRK
Belik-familien i Aurland har bede om asyl i redsel for at dei to døtrene skal bli kidnappa og selde til sex-industrien om dei reiser tilbake til Moldova. - Dette trugsmålet er reelt, dei to jentene er truga med kidnapping i Moldova, og dei slapp unna med naud og neppe. Vi trur på historia deira, og journalistar og andre som har vore i Moldova stadfestar at stoda er slik, seier Bjarne Aagaard i Aurland.
Tema: Menneskehandel
Kirkens nødhjelp sin årlege fasteaksjon går av stabelen den 15. mars, same dagen som Raisa Belik og dei to døtrene Olga og Tanja møter i retten i eit siste desperat forsøk på å få bli her i landet. Når årets fasteaskjon har tema menneskehandel, er det naturleg med ei kopling, seier Bjarne Aagaard i Aurland. - Det er utenkeleg for oss å gå rundt med bøsser i ein aksjon med tema menneskehandel utan å kople det til Belik-saka, seier han. Aagaard er ein av dei i lokalsamfunnet som står på for at Belik-familien skal få opphald i Noreg.
Kirkens Nødhjelp i Aurland
Folk frå Kirkens nødhjelp var i Aurland tysdag og møtte dei to jentene, i tillegg til ei rekkje lokale representantar, og målet for det lokale initiativet er klart, seier Aagaard: Uansett korleis Kirkens Nødhjelp vel å fronte saka, blir kampen for at Belik-familien må få bli her i landet sentral i fasteaksjonen i Aurland.