Bekymra for at friidretten ikkje får plass på Kvåle stadion

Karin Vikane i formannsskapet i Sogndal fryktar at friidretten hamnar i skvis.

Kvåle stadion, Sogndal

MANGE VIL HA PLASS: Det er mange som ønskjer å fremje sine aktivitetar når reguleringsplanen for idrettsplassen på Kvåle skal utarbeidast i haust.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i det som vart lagt fram og informert om i formannsskapet 6. oktober, seier Karin Vikane (H) i formannsskapet i Sogndal.

Ho meiner dei ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon om at idrettslaga og idrettsrådet ikkje vart rådspurde om forslaget om ein mellombels kastarena for friidrett på Kaupanger.

Dette graset har sett fyr på idretts-Sogndal

Forslaget kom frå fylkeskommunen.

«I denne saka kan det for meg synast at idrettslaga og administrasjon i kommunen ikkje arbeider for den same løysinga, eller?», spør Vikane idrettslaga i eit brev onsdag.

Karin Vikane

BEKYMRA: Karin Vikane (H) er bekymra for at friidretten skal bli taparane om det blir lagt kunstgras på Kvåle stadion.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kun nødvendig til konkurranse

Ein mellombels kastarena vil berre vere nødvendig å nytte dersom det skal bli arrangert ein offisiell konkurranse i kastøvingar i friidrett. Det har det ikkje vore arrangert i Sogn på 15 år.

– Dersom det blir aktuelt med ein mellombels kastarena på Kaupangar på noko tidspunkt er det naturleg at idrettslaget kjem inn, seier Jostein Aanestad som er rådmann i Sogndal.

Rådmannen fortel at ein permanent kastarena for aktivitetar som spyd og diskos skal vere med i reguleringsplanen for idrettsområdet på Kvåle som blir laga i haust.

Jostein Aanestad

RÅDMANN i Sogndal: Josten Aanestad fortel at kommunen har planlagt å ha ein kastarena for friidrettsøvingar med i reguleringsplanen. Til sist er det kommunestyret som skal bestemme kor mykje areal som skal nyttast til idretts

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Karin Vikan er bekymra for at det skal gå på kostnad av friidretten.

– Det er utruleg synd om vi bygger ned ein friidrettsstadion til for å gi areal til heilt andre aktivitetar, seier Vikane.

Kommunestyret skal bestemme om idrettsarealet på Kvåle skal utvidast i reguleringsplanen. Då kan det bli plass til enda fleire aktivitetar enn i dag, seier Aanestad.

– Uansett er det mogleg å gjennomføre trening i friidrett som i dag dersom det blir lagt om til kunstgras, seier han.

Kommunen seier friidretten skal få sin plass

Sogndal idrettslag ved leiar Cecilie Thaule Løvlid har sendt brev til kommunen og seier dei ynskjer å møtast for å drøfte korleis friidretten sine interesser kan bli tekne vare på kortare og lengre sikt.

Thaule Løvlid fortel at det har vore litt varierande kor godt dei har blitt tekne med på prosessen om kunstgrasbane på Kvåle.

– Vi ønskjer å ha ein god og open dialog med kommunen, og det klarar vi best når vi samlast, meiner Løvlid.

Ho presiserer at idrettslaget ikkje er imot kunstgras på Kvåle stadion, men at dei vil sikre seg at friidretten blir teke med i vurderinga.

Rådmannen er positiv til eit felles møte.

– Vi ønskjer å legge til rette for at flest mogeleg skal kunne drive med sine aktivitetar. Då ønskjer vi å diskutere med idrettslaget korleis området på Kvåle kan bli utvikla for å sikre det, avsluttar Aanestad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.