Hopp til innhold

Trur utvekslingsstudentane vil velje storbyane

Senterungdomen i Sogn og Fjordane er redde skulane i distrikta ikkje kan konkurrere om utanlandsstudentane om sentralstyret i moderpartiet får det som dei vil.

Tollak Mikal Kaldheim

NEI TIL PENGEKRAV: Senterungdomen i Sogn og Fjordane ved Tollak Mikal Kaldheim håpar landsmøtet vil stemme nei til forslaget om å krevje pengar av utanlandske studentar som vil gå på skule i Norge.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Utlendingar må betale for seg på norske universitet og høgskular, skriv Ola Borten Moe i ein kronikk på NRK.no i dag.

Sentralstyret til Senterpartiet meiner norske skattebetalarar ikkje skal betale for at studentar for andre land skal komme til Norge på utveksling.

På landsmøtet til partiet i morgon skal debatten stå, for alle er ikkje einige med Borten Moe.

– Vi er skuffa over at forslaget i det heile kjem fram, seier Tollak Mikal Kaldheim.

For tre år sida kjempa han med studentparlamentet på Høgskulen i Sogn og Fjordane mot den same saka.

Då viste dei baken til den blå-blå regjeringa sitt forslag om å innføre skulepengar for studentar utanfor EØS.

No er dei hans eige parti kampen står mot.

Ola Borten Moe

SENTRAL: Ola Borten Moe er ein av dei som ynskjer at det skal koste pengar for utanlandske studentar å studere i Norge. Dei vil heller innføre ordningar over utviklingsbudsjettet for studentar som kjem frå land med dårlig råd.

Foto: NRK

Fryktar universitet og høgskular i distrikta taper

– Eg er ikkje redd for at Universitetet i Oslo ikkje skal vere konkurransedyktig om det kostar pengar for utanlandske studentar. Men vi er usikker på om studiestadar som Sogndal og Førde kan trekke stil seg utanlandske studentar om dette forslaget blir gjennomført, fryktar Kaldheim.

Både Senterungdomen sentralt og her i fylket er redd mangfaldet ein har i dag på høgskulane og universiteta vil gå tapt.

Også Sogn og Fjordane senterparti har gått inn for å behalde gratis-prinsippet.

– Vi ser det som den fordelen Norge har som høgkostland at vi kan tilby gratis utdanning for utanlandske studentar, seier nestleiar Karoline Bjerkeset.

Partigruppa meiner det er viktig at dei norske universitet- og høgskulemiljøa får internasjonale impulsar.

– Vi ser på det som eit gode for akademia og studentmassen at dei får studentar utanfrå. Det inntrykket får vi også frå sektoren sjølv, meiner Bjerkeset.

Ho meiner det ikkje er på skulepengar for internasjonale studentar ein skal spare pengar på statsbudsjettet.

Ventar sterk debatt på landsmøtet

Nestleiaren i Sogn og Fjordane senterparti fortel at skulepengar er eit tema fleire har sterke meiningar om.

– Det er nok eit spørsmål det vil bli stor diskusjon om på landsmøtet, seier Bjerkeset.

Tollak Mikal Kaldheim og senterungdomen er klare på at dei ikkje er redde for å ta opp kampen internt.

– Eg har følgt med på det som har skjedd rundt denne debatten. Og eg er glad for at senterungdomen i dei fleste fylke er i mot forslaget, og 11 fylkeslag har også gått i mot. Så eg trur det er eit mindretal som kjemper for dette, men dei skrik høgt.

Les meir om då debatten om skulepengar gjekk i 2014: