Hopp til innhold

Beklagar omfattande straumbrot

FØRDE (NRK): Sunnfjord Energi beklagar at folk einskilde stader har vore utan straum det siste døgnet. Årsaka er ekstrem isdanning på linjene.

Tre over straummast

JOBBAR MED Å FÅ STRAUMEN TILBAKE: Sunnfjord Energi har hatt problem med straumforsyninga fleire stadar i fylket dei siste døgna.

Foto: Sunnfjord Energi

Straumen har vore vekke det siste døgnet i Naustedalen og Angedalen, og alt tilgjengeleg mannskap frå Sunnfjord Energi har vore ute og jobba i terrenget ei rekkje stader. Straumen skal no vere tilbake hjå alle kundane, og Sunnfjord Energi ber dei som ikkje har det om å sjekke jordfeilbrytaren.

Olav Osvoll

FORKLARTE SEG: Olav Osvoll i Sunnfjord Energi var i studio måndag ettermiddag og snakka om straumbrota.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vi beklagar sterkt at folk har vore utan straum i nesten eit døgn. Vi gjer så godt vi kan, men det er ein veldig spesiell situasjon no med mykje is på linjene. Det er spesielt inst i Angedalen og opp i Naustedalen vi slit med dette. Dette fører til knekte stolpar, og andre skader på linjene våre, seier Olav Osvoll, stasjonssjef i Sunnfjord Energi, til NRK.

Les også: Nye straumbrot for Sunnfjord Energi

Les også: Fleire stader utan straum

Han peikar på at det er sjeldan at vêrtilhøva er så vanskelege som no, og dei gjer alt i si makt for å få straumen attende.

– Dette er eit fenomen som oppstår år om anna. No er det lenge sida sist vi har hatt denne typen problem som vi har nett no. Vi har flydd over linjene med helikopter i dag og fått lokalisert dei feila vi såg frå lufta. Men det har også oppstått nye feil, så det er ein veldig stor belastning, særleg i desse to dalane, slår Osvold fast.