Hopp til innhold

Bekkevold kasta regionreforma inn i potten

SKEI (NRK): Under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane KrF kom Geir Jørgen Bekkevold med eit overraskande utspel: Viken kan bli skrota i forhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Geir Jørgen Bekkevold på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane KrF på Skei

KRITISK TIL VIKEN: Stortingsreprepresentant Geir Jørgen Bekkevold meiner at ei regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet er eit høve til å skrote Viken fylke.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det klør i fingrane våre etter å gjere noko med Viken og Troms og Finnmark, sa Geir Jørgen Bekkevold då han innleia for fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane KrF laurdag.

«Viken» er namnet på det nye storfylket som frå 1.1 2020 skal innehalde dagens fylke Buskerud, Akershus og Østfold. Ved sidan av tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark er det den mest kontroversielle delen av regionreforma.

Sterke kritikarar

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vore sterke kritikarar av begge dei to kontroversielle samanslåingane. No opnar altså Bekkevold for at kampen ikkje er over, dersom KrF skal forhandle om regjeringsmakt med dei to partia.

– Vi har vedteke Viken i Stortinget to gonger, men vi likar jo ikkje den konstruksjonen. Eg meiner at dersom Senterpartiet og Arbeidarpartiet ønskjer å gjere noko med regionreforma, må vi lytte til dei i eventuelle regjeringsforhandlingar, seier Bekkevold.

I sin tale til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane hadde han i oppgåve å argumentere for at KrF bør gå i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Han trakk fram ei skroting av fylkessamanslåingane dei ikkje likar som ein god grunn til å samarbeide mot venstre.

Ropstad kritisk, Vedum jublar

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, som heller vil gå i regjering med Høgre og Frp, er likevel ikkje samd med sin partikamerat.

– KrF har gjort ein avtale med andre parti om at regionreforma no er vedteken, den reknar eg med at partiet følgjer. Slik kommenterer Kjell Ingolf Ropstad utspelet frå Bekkevold. Nestleiaren har tidlegare slått fast at både regionreforma og Viken no ligg fast.

Det var også dette inntrykk partiet gav då det var sagt at KrF var samde med regjeringspartia om kva oppgåver dei nye storfylka skal få.

Kjell Ingolf Ropstad har truleg fleirtalet i ryggen under årsmøtet i Hordaland KrF i dag

STÅR FAST: Nestleiar i KrF Kjell Ingolf Ropstad seier at regionreforma og Viken ligg fast.

Foto: Bergit S. Svendseid / NRK

Senterpartiet jublar

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum tykkjer utspelet til Bekkevold er veldig positivt.

– Vi visste jo at mange i KrF ikkje likar bruken av tvang i Finnmark eller den rare konstruksjonen Viken. Eg synst det er bra at dette kjem opp, og det er heilt realistisk at dette er noko vi kan diskutere i regjeringsforhandlingar med KrF, seier Vedum.