Hopp til innhold

Beitelag får felllingsløyve på ulv

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt skadefellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. Det skjer etter at det denne veka vart funne åtte sauekadaver på beite. Statens Naturoppsyn har undersøkt fem av desse og meiner tre av dei har teikn som tyder på at det er ulv som har vore på ferde.