NRK Meny
Normal

Beit av tommelen på fest

Ein mann i 50-åra er sendt til Førde sentralsjukehus etter at ein annan mann beit av han deler av tommelen på ein utestad på Nordfjordeid.

Politibil

RYKTE UT: Politiet arresterte mannen i 40-åra som beit av fingeren til ein annan mann på ein utestad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er tuppen av fingeren, ved starten av naglen, som vart biten av. Det var meldinga frå staden, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Espen Gulliksen.

Politiet fekk meldinga klokka 02.49, og rykte ut og arresterte ein mann i 40-åra.

– Han vert avhøyrd akkurat no, seier Gulliksen.

Det vert oppretta sak, der også mannen som er på sjukehus vil få spørsmål.

– Det var to personar involvert i eit slagsmål, seier Gulliksen, som seier saka er av den litt spesielle sorten.

– Eg har opplevd det før, men det er klart det er ei sjeldan sak.