Hopp til innhold

Beit av tommel – frifunnen i retten

Ein mann i 40-åra møtte i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha bite av ein del av tommelen til ein annan mann. Retten kom til at han ikkje beit forsettleg og frikjende han.

Det var i november i fjor dei to kom i basketak utanfor ein skjenkestad i Nordfjord. Begge fall over ende med den tiltalte underst. Då ein vakt kom til og fekk skilt dei to, viste det seg at den ytre delen av tommelen til den fornærma var biten av.

Den fornærma var sjukmeld i nesten to månader etter bataljen.

Men Fjordane tingrett kom til at det var eit uhell som gjorde at tommelen kom inn i munnen til tiltalte, og at tommelen kan ha blitt avbiten då hovudet til tiltalte trefte bakken. Difor frifann retten han for tiltalen.

Han slepp også å betale erstatning til den fornærma.

Derimot vart han dømd til å betale 6000 kroner i bot for å ha køyrt bil med lågpromille i mars i år. Køyringa skjedde ein søndag føremiddag, og mannen trudde han var edru. Men då han vart stoppa i ein kontroll hadde han ein alkoholkonsentrasjon på 0,32.